Dyrsku'n

Vårmarknad

JoleMarknad

Mat/kompetanse

Dyrskuplassen

Inkubator

Info
Utskriftsvenleg
utgåve av sida!

24/08-2009:
Velkomen til Dyrsku´n 2009

Endå ein ny Dyrsku,- og endå eit år har gått sidan vi sist møttest på dyrskun. Dyrsku´n dreg på åra, men blir aldri for gamal. Her skjer det nye spanande ting samstundes som vi ikkje hiver over bord det gamle. Eller for å sei det med Ingebørg K. Sandsdalen sine ord:

”Som ein gamal apal
kan bere forskjellige eple
på podekvistane
ber fesjået si mangefoldige frukt
- skiftande frå år til år-
utan at stormnen misser sitt jordfeste
under grasrota ”


Over 170.000 besøkte Dyrskuplassen på ulike arrangement i fjor, - og det ser ut til å bli like mange i år.
Plassen ligg i eldgamalt kulturlandskap, men har moderne infrastruktur og det som skal til for å avhalde store stemner.

Flaggskipet blant arrangementa på plassen er framleis Dyrsku´n – den gamle marknaden siste helga før Krossmesse. Mellom 70.000 og 80.000 dagsbesøk i løpet av helga gjer Dyrskun til eit av Noregs største arrangement. Kvifor kjem det så mange ? Vi tur det har noko med den unike opplevinga Dyrsku´n er. Du kan ikkje oppleve Dyrskun gjennom reportasje og tv-skjerm. Du må vere tilstade på plassen for å oppleve folkelivet og marknadsstemninga.. Det er denne opplevinga som gjer at dyrskupublikum og utstillarar kjem tilbake år etter år.

Husdyr og landbruk er sentralt i utstillinga. På Fjøset står utstillingsdyra som skal bedømmast og i Husdyrhallen er ulike rasar og husdyrslag presentert. I andre etasjen finn du bl.a. Bondens Møteplass.
Sterke-Nils tunet viser gamalt gardsmiljø med ulike dyr og aktivitetar. Her blir det også brullup på laurdag med låven dekka opp til bryllupsfest I landbrukshallen er det mange god smaksprøver på god norsk mat, bl.a. økologisk. I år som tidlegare blir det rikeleg med landbruksmaskiner, den eine traktoren større enn den andre. Med viss du høyrer til det nostalgiske slaget kan du ved smia høyre putrelyden frå gamle motorar og traktorar. Og i same område finn du standplassen til Telemarkskogen.

Mat står i fokus på årets Dyrsku. I år kan vi presentere det nye Matkvartalet med mat frå vel 40 lokalmatprodusentar. På mattorget finn du eige telt med servering av fårikål og mykje god grillmat. Ved fårikål-teltet kan du på fredag møte Bodil Norjorde og Arne Hjeltnes. Dei pratar om fårikål som mat og tradisjon. Arne Hjeltnes er også årets opningstalar. Elles er det som før fleire lag og organisasjonar som står for dyrskumaten - Seljord Idrettslag er den største med i alt 10 utsalsplassar. Og smaksopplevingane i Storstogo servering ved Hovudporten må du ikkje gå glipp av.

På kulturprogrammet står eit variert tilbod. Nytt av året er spelstykke i form av eit dyrskuteater. Her bli vi tatt med tilbake til Dyrskun 1965 og får oppleve litt av folkelivet frå den tida. Husflidavdelinga har som vanleg eit godt utval av mange premierte gjenstandar og med fleire særutstillingar.

Og i tillegg til det som er nemnt er det mykje mykje meir. Opne opp alle sansar og nyt dyrskun 2009. Vi seier med dette velkomen – ha ein fin dyrsku !

Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no

Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no