Dyrsku'n

Vårmarknad

JoleMarknad

Mat/kompetanse

Dyrskuplassen

Inkubator

Info
Utskriftsvenleg
utgåve av sida!

27/08-2009:
Dyrskuspelet: Interaktiv Dyrskumarknad anno 1965

Kjernefamilien opplever ei brytningstid på mange felt på 1960-talet. Her framfor dyrskusteinen i Kviteseid ventande på skyss til Dyrskun. Lise Marit Syftestad (t.v.), Leif Arild Sanden og Hæge Manheim.Foto: Audny Barstad.
Raude og kvite Telemarkskyr, knallfarga tivolitelt, spåkoner, klokkehandlarar, kjeringar med skaut og menn med hatt. Smugdrikking ved bekken, fornikla jordbruksmaskiner og markensstemning. Det er ei reise i tida, tilbake til Dyrskun 1965.

Av Tone Lundeberg Reinholt

Hugsar du korleis det var på Dyrskun i 1965? Eller er du for ung til å minnast dei glade 60-åra med flower power og ungdomsopprør?
Fredag, laurdag og søndag kan du bli med på ein historisk Dyrskumarknad inne på Fjoset. Fylkesagronom Torvald Indrebø er tilbake som Dyrskugeneral, spåkonene er plassert ut mellom publikum. Det same er kremmarar og handelsbodar og andre innslag. Det blir teater frå scena, ute på plassen, kanskje til og med på bussen som fraktar Dyrskufolket fram til fesjået i Seljord.

”Ein sjangs ska koma te kònn”, heiter årets spel. Fritt oversett frå songen ”A Change is Gonna Come”. Stiftinga Seljordspelet saman med Dyrskun og Grenland Friteater står bak årets Dyrskuteater.

Med 500 kroner i lomma
- Me har laga ein familie som kjem frå ein litt bortgøymd dal i Vest-Telemark, fortel Tor Arne Ursin.
- Det er smått stell med denne familien, som bur i ei lita tømre. Men no har dei vunne 500 kroner i Pengelotteriet, og med desse pengane kjem dei til Dyrskun for å handle.

Litt ugreie kan ein rekne med det blir, sidan mor drøymer om nye husmorvindauge og faren helst vil handle seg ny bil. Sonen i huset, Stein Roger, har til no sett meir elg enn han har sett kvinnfolk. På Dyrskun ser han meir kvinnfolk enn elg, og det gjer inntrykk.

Ein må følgje godt med, for spelet startar på Sterke-Nils tunet. Der reiser familen frå tømmerhuset sitt og køyrer inn på Fjoset, eller markandsplassen, i ein god, gamal Opel Kadett.

Road Movie
Undertittelen til stykket er ”ein stadbunden folkekomedie med innlagd road movie”. Folk kan altså vente seg meir enn klokkehandel og einfaldige vest-telar. Plottet er lagt til dei glade 60-åra og som seg hør og bør kjem eit lokalt band og riv av seg piggtrådmusikken sin.

- Stykket er ikkje bare tull og moro. Det seier også noko om motsetnadane mellom gamalt og nytt. Om dei brytningane som var på 60-talet, korleis folk tenkte om framtida, kva dei drøymde om og kva dei ville gjere ut av livet, seier Ursin.
Ursin i har i fleire år instruert spel i Vest-Telemark, særleg Hjartdal. Det var der han og Leif Arild Sanden fekk ideen om ein interaktiv marknad på Dyrskun.

Spennande blir det å vere publikum i år. Kanskje blir du spådd, kanskje får du bli med opp på scena, og kanskje gjer du ein sabla god handel.

Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no

Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no