27/08-2009:
Ekte bryllaup i Sterke Nils-tunet
| |
Kven som gifter seg under Dyrsku’n i år er hemmeleg. Men heilt sikkert er det at dyrskusmeden Øivind Klausen skal smi dei to i hymens lenker. Bildet er frå 2007. |
Laurdag blir det for fyrste gong eit ekte bryllaup på Dyrskuplassen. Men kven det er som gifter seg får me ikkje vite enno. Brureparet skal overraske alle venene sine med å gifte seg på Dyrsku’n.
Av Mikkel Aanderaa
I fleire år på rad har dyrskusmeden Øivind Klausen smidd par i hymens lenker på Sterke Nils-tunet. Til no har dei som regel gifta seg i ei kyrkje tidlegare på sommaren. Men i år blir det ekte vigsel.
Brureparet er frå Telemark, men vil ikkje røpe kven dei er før den store dagen.
- Det er bare foreldra våre som også er forlovarar som veit om dette, ikkje ein gong syskena våre veit at me skal gifte oss, seier brura som ikkje vil røpe så mykje om identiteten anna enn at brudgommen har vore på Dyrsku’n i 40 år. Fleire gonger har dei sett brurepar bli smidd i på Sterke Nils-tunet og drøymt om det same. No er det dei som skal i elden.
Måtte søke
Prest og Fyresdal-ordførar Bjørn Nome har sagt ja til å vie ekteparet. Men fyrst måtte det søkast for å halde seremonien utanfor ei kyrkje.
- Prosten har stilt velvillig opp og gjeve løyve til at vigselen kan skje i Sterke Nils-tunet. Det kan bli ein fin seremoni og eg gler meg veldig som eg alltid gjer til bryllaup, seier Nome. Han er likevel spent på vegne av brureparet sidan det kan kome fleire tusen menneske for å sjå på.
- Møt opp med den songstemma du har og syng med av hjartans lyst. Truleg er det lurt å øve ekstra på ”Kjærlighet frå gud” og ”Å leva det er å elska”, oppmodar presten.
Etter at Bjørn Nome har gjort sitt, skal dyrskusmeden sleppe til og smi dei to i hymens lenker. I heile sommar har han farta rundt i ulike bryllaup og gjort det same, men neppe med så mange tilskodarar som det blir på Dyrskuplassen.
Brureparet legg opp til eit lite selskap etter seremonien.
- Men den store festen må me nok vente med til seinare sidan ingen veit om dette, seier brura.
Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no