27/08-2009:
Gardsmatutsal i Storstoga
| |
Kokk Hermann Lissl ved Dyrsku'n Mat og Kompetanse har produkt frå ti ulike leverandørar i gardsmatutsalet til no. Målet er å utvide vareutvalet. |
No kan du kjøpe kortreist mat på Dyrskuplassen heile året. På kompetansesenteret for småskalamat i Storstoga har Dyrsku'n Mat og Kompetansesenter opna ein eigen butikk som bare har varer frå små produsentar.
Av Mikkel Aanderaa
- Ideen er at me skal vere eit møtepunkt der folk kan få tak i og få oversikt over kva som finst av småskalaprodukt, seier kokk ved kompetansesenteret, Hermann Lissl.
Han viser fram dei produkta som er å få i den vesle butikken til no. I hyllene og frysedisk finn ein no blant anna saft, fiskeprodukt, kjøt, dyrskukarbonader, brau, is og syltetøy.
Marknadsfører lokale produkt
Målet er også å vere utstillingsvindauge slik at forbrukarane kan finne ut kva som er på marknaden av kortreist mat.
- Me vil blant anna invitere hotell- og restaurantbransjen hit for å gjere småprodukta kjende. Dei er ofte interesserte i lokale produkt. Men me er veldig nøye på at alt i utsalet vårt er av høg kvalitet, seier Hermann Lissl som bare tek inn varer frå godkjende produsentar.
Utsalet opna i starten av juli og var blant anna ope under dei store festivalane i sommar. Til no har ikkje salet vore så stort, men Lissl reknar med at det tar tid å innarbeide ein slik butikk.
- Om 2-3 år har kanskje gardsmatutsalet blitt eit omgrep og kjent blant folk, meiner han.
Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no