Det blir mykje mat på Dyrsku’n i år. Her frå Kjøtteriet frå Fyresdal som blei kåra til beste stand i 2007.
Dyrsku'n utvidar i år småskalateltet til å bli eit heilt matkvartal med kortreist mat.
Tidlegare år har ikkje alle funne vegen til småskalateltet. Det blir retta på i år med eit stort matområde med ein eigen matport like ved hovudporten slik at ein kjem rett inn i matkvartalet. Sjølve teltet blir i år på heile 18 x 30 meter, i tillegg kjem ei eiga gate frå teltet til Storstoga med bare matutstillarar.
- Me gler oss veldig til å få eit større matområde, seier Dag Sveinung Moen som er ansvarleg for satsinga. Slik det ser ut no blir det seks utstillarar frå prosjektet «Mat frå Telemark», men det kjem også utstillarar frå «Fjellbygda Beito» (Valdres) og «Mat fra kunstnerdalen» (Modum, Sigdal og Krødsherad). I tillegg er det 13 andre utstillarar i teltet, så dette blir ei storsatsing, lovar Moen.
I matkvartalet skal publikum få smake på ei rekke produkt frå ulike småprodusentar og kunne slå av ein matprat. Demonstrasjon av matlaging blir det også.
- Dette blir ei storsatsing der Dyrsku’n Arrangement brukar mykje pengar for å løfte fram kortreist mat, lovar Dag Sveinung Moen.