08/09-2009:
50 år som utstillar på Dyrsku'n!
| |
På Dyrsku'n i 1968 var Bjarne Rønning (t.v) også på plass. Firmaet hadde med seg Grom Bas og ein Skogs Bas. Foto: Privat |
Ingen har vore utstillar i så mange år som Odd Bjørn Rønning frå Drangedal. Alt i 1959 var han på plass med maskiner på Dyrskuplassen, men då ville ingen kjøpe.
Av Mikkel Aanderaa
Rønning er eit kjent namn for alle som har meir enn fem års fartstid blant maskinutstillarane på Dyrsku'n. I 50 år har Odd Bjørn Rønning og familien lasta opp maskiner og reiskap i håp om å ha mindre med heim att. Det har dei stort sett greidd.
På 50-talet starta Odd Bjørn og faren opp firmaet Bjarne Rønning & Co i Drangedal med sal av tohjulstraktorar og motorsager. I 1959 fann Odd Bjørn ut at Dyrsku'n i Seljord måtte vere ein fin stad å selje maskiner. Faren Bjarne var skeptisk.
- Han ville ikkje vere med, men eg var optimist. Me hadde produkt som var midt i blinken for bøndene, så då måtte det vere mogleg å selje maskiner på Dyrsku'n. Dessutan var Øvre Telemark eit viktig område å komme inn på.
På Dyrskuplassen fekk ikkje 21-åringen kome innanfor portane, arrangøren var redd maskinene skulle skremme dyra. Med seg hadde han ei Solo motorsag og ein Agria tohjulstraktor.
- Eg selde ingen ting det fyrste året, og måtte reise heim med utstyret mitt, hugsar Odd Bjørn
Men året etter var han på plass med nytt mot. Då fekk han også kome innanfor portane. Det blei ikkje sal då heller, men etter kvart losna det.
Firmaet endra seinare namn til Rønning Maskin, og satsa framleis stort på Dyrsku'n. I fleire år hadde dei over 30 personar i sving og omsettinga kunne ligge på 5-6 millionar kroner på dei tre dagane.
- På det meste selde me 11 traktorar under Dyrsku'n kunne Odd Bjørn fortelje til jubileumsboka for firmaet som kom ut for nokre år sidan. Etter den tida blei firmaet selt til AK Maskin og for fyrste gong i fjor var ikkje familien Rønning utstillar i Seljord. Men no har Odd Bjørn starta firmaet Rønning Maskinsalg AS saman med sonen Bjørn Åge. Dermed er han utstillar på Dyrsku'n att - for 50. gong!
Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no