Dyrsku'n

Vårmarknad

JoleMarknad

Mat/kompetanse

Dyrskuplassen

Inkubator

Info
Utskriftsvenleg
utgåve av sida!

11/09-2009:
Arne Hjeltnes opna Dyrsku'n 2009

Arne Hjeltnes var opningstalar for Dyrsku'n 2009
Det var tett med folk på Fjoset fredag då Arne Hjeltnes gjekk på scena under opninga av Dyrsku'n. Hjeltnes peika på kor viktig det er at bygdene produserer kortreist mat.

Av Mikkel Aanderaa

Fleire tusen menneske var på plass for å få med seg opningsprogrammet som var leia av Aasmund Nordstoga.
- Eg vil snakke om livet på bygdene og stuttreist mat, sa Arne Hjeltnes som peika på at det er få fylke som er så sterke på kultur som Telemark.
Det er viktig å stå saman for å få til noko. Norske bygder har ein stor verdi og er hypermoderne, sa han.

Hjeltnes er mest kjend som programleiar for "Gutta på tur" på TV 2 der han reiste verda rundt og smaka på stuttreist mat. Seinare har han også vore ambassadør for norsk laks i Hong Kong.
- Kineserane kan lage plastkorkar billig, men dei kan ikkje lage Seljord, Vinje eller Kinsarvik. Der har me eit fortrinn.

I Kina vil dei gjerne betale 3-4 gonger for å få norsk laks som dei veit er rein og trygg mat frå norske fjorder. Dei har også mykje ferdig forureina fisk som dei ikkje treng betale så mykje for.
- Skal bygdene få til noko, må dei stå saman, sa Arne Hjeltnes.

Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no

Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no