67.491 betalande gjester var innom portane i løpet av dei tre dyrskudagane, noko leiinga er godt nøgde med. Besøkstalet fredag er korrigert til 19.016. Det er nær rekorden frå 2006 då det var over 20.000 innanfor portane fredag. Laurdag kom 30.279 betalande gjester og 18.194 i strålande sol på sundag. I tillegg kjem ca 5000 utstillarar og funksjonærar.