Scan Pro som stiller ut grillhytter og boblebad blei kåra til beste stand i 2009.
- Juryen har peika på at utstillaren har ein veldig ryddig og fint pynta stand. Standen er systematisk og enkel på ein fin måte, noko som framstiller produkta på ein særs god måte, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
Prisen for beste stand blir dela ut for å stimulere utstillarane til å utforme standane sine på ein fin måte. Det er med på å skape eit godt inntrykk av Dyrsku'n for alle som er på plassen.
Kriteria som ligg til grunn er:
Funksjon/tilgang
Korleis varene blir presenterte
Korleis utstillar møter kunden
Om det er ryddig, innbydande osb.