Dyrsku'n

Vårmarknad

JoleMarknad

Mat/kompetanse

Dyrskuplassen

Inkubator

Info
Utskriftsvenleg
utgåve av sida!

13/09-2009:
Johan Lindequist`s Sølvkande til Fyresdal

Johan Lindequist`s Sølvkande blei laurdag tildelt Aslak Snarteland frå Fyresdal for spesielt arbeid for telemarksfeet. Prisen har i over 140 år blitt dela ut til organisasjonar og gardbrukarar som har utmerka seg i arbeidet med å fremje kvegavlen i Telemark fylke. For perioden 2009 til 2012 går prisen til Aslak Snarteland.


I grunngjevinga heiter det at "Aslak er blant dei fremste ambassadørane for telemarksfeet, vår eldste ferase.
Han har avla fram dei fleste fea sjølv og vektlagt godt lynne. Han er kjent godt for særs godt dyrestell og trivelege dyr. Aslak har vore aktiv for å etablert eit meieri som lagar produkt av mjølk frå telemarkskua.

Aslak har vare oppteken av å drifte garden og ta vare på feet slik farfar hans gjorde det.

Aslak set i gang med å bygge ut fjoset for å kunne auke kapasiteten på dyrehaldet. Han ynskjer at garden er moderne og i god hevd slik at det kan vere attraktivt å overta drifta.

Aslak er ung, 44 år . Gården med bygningsmasse og kulturlandkp framstår som et mønsterbruk."

Johan Lindequist`s Sølvkande
Ved testamentet av 22.juli 1898 har statsagronom Johan Lindequist bestemt at ei sølvkanne, som var skjenket han av bønder i Telemark "som et erkjendtlighedstegn for hans udmerkede fortjeneste av Tellemarkens kvægavl" og overrakt ham i Seljord den 17. september 1866, skulle overlates til Bratsberg amtskommune "paa en maate, som kan fremme kvægavlen i Bratsberg Amt." I hendhold til fastsatte Bratsberg amts landhusholdningsselskap og Bratsberg amtsting i 1899 regler. Fyrste gong for utdeling var i år 1900 kor Halvor H Borgen i Bø fikk prisen. Statuttane er korrigera av Telemark Landbruksselskap 27. august 2003.
Ved utdelinga "maa alene tas hensyn til fortjenester av kvægavlen i amtet." Styret i Telemark Landbruksselskap avgjør kvem som får sølvkanna.

Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no

Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no