Nok ein gong har vi gleda av å invitere til Jolemarknad på Dyrskuplassen.
I Stemningsfulle omgjevnader kan du handle unike jolegåver frå småskalaprodusentar
av både mat og handverk, og du kan sikre deg spennande jolemat frå lokalmat produsentar.
Bakstekjerringar og sylvsmedar er på plass for å demonstrere sitt handverk.
Årets gjesteutstillarar er keramikar Jorunn Ygre Rogne og Stoa sjokolade.
Aktivitetstilbodet for små og store born er større enn nokon gong. I joleverkstadene kan ein bake,lage jolepynt, jolegåver og anna. I det gamle Dyrskufjoset er det sjølvsagt dyr, her finn du både hest, esel, sau, og fjærkre. I Fjoset vil også Aktivitetskompaniet frå Bø stille med ulike aktivitetar, bogeskyting, linebalansering, ulike spel m.m.
Er du glad i bøkar så er Jolemarknaden plassen, ikkje bare for å kjøpe, men også for å jakte, og få med seg ei gratis bok heim.
Jole- musikk, -song og dans må også til for å få den gode jolestemninga, fleire gode lokale utøverar stiller opp for å glede oss med sine talent.
Sundag kl. 15.00 kjem Bodil Nordjore for å kåsere om gravlaks, her kan det bli mange nyttige tips å ta med seg.
Laurdag blir det fakkeltog frå Seljord Bareneskule til Dyrskuplassen, der nissekjeringi ventar med jolesoger og jolegodt til alle borna.
Ein aktiv dag på Jolemarknad krev sitt - god heimelaga mat får du, i 2. etg. i Husdyrhallen her tilbyr vi både ribbetallerken, jolegraut, rundstykke og kaker. I Fjoset kan ein få grilla nisseburger og pølser.
I Husdyrhallen tek vi i mot jolegåver som blir sendt til born i Romania via Grenlandsaksjonen. Klede og leiker er populært – det skal lite til å glede dei som lite har.