Dyrsku`n Mat og Kompetansesenter
- Produksjonskjøkken
- Kurs/konferanse
- Viltmottak
- Storstogo servering
Dyrsku’n Arrangement AS har no fått endå ein tilvekst til verksemda si. Denne nye avdelinga, Dyrsku’n Mat og Kompetansesenter, er eit tilbod til småskalamat- næringa.
Me vil hjelpe fram desse aktørane, både dei som alt driv og dei som ynskjer å drive. Me har investert i eit nytt og moderne produksjonskjøkken og i eit viltmottak. I tilknyting til kjøkkenet har me og kurs-/konferansefasilitetar og ein moderne og triveleg restaurant.
Dyrsku’plassen samlar 170.000 menneske i løpet av året, og ligg difor midt i smørauga for å marknadsføre både produkta og produsentane.
 Dag Sveinung Moen er koordinator for Dyrsku'n Mat og kompetansesenter. Han har jobba i Dyrsku`n Arrangement AS i fleire år og har på det viset opparbeidd seg kompetanse innan logistikk, marknadsføring og kundehandsaming. For kurspåmelding, bestilling av kurs/konferanse, leige av produksjonskjøkken eller viltmottak og andre spørsmål, kan de rette desse til:
Dag Sveinung Moen Koordinator Dyrsku`n Mat og kompetansesenter Nordbygdivegen 60 3840 Seljord Tlf. 350 65 771 Mob. 924 57 194 e-post: dag.sveinung.moen@dyrskun.no
 Hermann Lissl er kokk og syter for den matfaglege ekspertisen ved Dyrsku'n Mat og kompetansesenter. Han har lang fartstid frå det militære, både nasjonalt og internasjonalt, samt at han har drive Lille Ulefoss i 13 år. Har de matfaglege spørsmål, bestille bord eller arrangere selskap i Storstogo Restaurant rettast desse til:
Hermann Lissl Kokk Dyrsku`n Mat og kompetansesenter Nordbygdivegen 60 3840 Seljord Tlf. 350 65 782 Mob. 464 16 801 e-post: hermann@dyrskun.no
Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til Dyrsku'n Mat og kompetansesenter!
|