Vil du vere utstillar på Vårmarknaden?
På Vårmarknaden kan du som utstillar velje å melde deg på førehand, eller komme på drop-in. Vi opnar for innslepp til rigging frå torsdag 29. mai kl. 09.00.
Send inn påmelding til Vårmarknaden her
Førehandspåmeldinga er no stengt, men kom gjerne på drop-in!
Kvifor melde seg som utstillar på førehand?
Med å sende inn påmelding på førehand vil du få holdt av standplass i ynskja storleik i sentralområdet på marknaden. Det vil gjere at du slepp å stille opp lang tid i forvegen for å sikre deg dei beste salsplassane. Du må likevel sjekke inn på Utstillarkontoret når du kjem for betaling og anvising til standplassen.
Informasjon kring standplass
- Utestand
- Utestand kjem i varierande djubde, avhengig av kva for område du blir plassera. Minimumsdjubde er 5-7 meter.
- Underlaget er gras eller grus, vegane mellom standfelta er i all hovudsak gode asfalt- og grusvegar.
Prisen er kr. 125,- pr. frontmeter (inkl.mva) og inkluderer 2 stk. adgangsband for utstillarar – desse gjeld for begge dagar marknaden varer. Treng du fleire adgangsband? Du kan kjøpe desse på Utstillarkontoret heile helga.
NB! Det er ikkje tillate å selje serveringsklar mat på Vårmarknaden.
Reglar for utstillar
Som utstillar pliktar du å sette deg inn i reglane for marknaden, og fylgje desse.
Områdeinndeling
All servering av mat og aktivitetar vil skje frå det store teltet oppe ved Storstogo, ikkje ved Hovudmatutsalet som før.
Utstillarar som sender inn førehandspåmelding vil bli plassera i nærleik til serveringsområdet og hovudgata. Utstillarar som kjem på drop in vil bli løpande plassera på ledige områder.
Praktisk info
Opningstid Vårmarknaden
Innsjekk for utstillarar og campinggjester startar frå torsdag 29. mai kl. 09.00
Førehandsregistrerte utstillarar stiller seg i køen til venstre ved innkøyringa ned mot Dyrskuplassen. Registrer deg på Utstillarkontoret når du kjem, så prioriterer vi denne køen fyrst ved innslepp og tilvising av standplasser.
Utstillarar utan førehandsregistrerte standplassar parkerer i sluser til høgre.
Betaling og registrering gjerast på Utstillarkontoret for begge grupper.
Opningstider Utstillarkontoret i Storstogo
Torsdag 29. mai kl. 08 – 22.00
Fredag 30. mai kl. 07 – 22.00
Laurdag 31. mai kl. 08.00 – 20.00
Sundag 01. juni kl. 08.00 – 14.00
Opent for gjester
Marknaden er open for gjester fredag 30. mai og laurdag 31. mai kl. 09.00 – 18.00.
Parkering
Det er mogleg å parkere i nærleiken av Dyrskuplassen, med kort gangavstand inn til Hovudporten. Følg tilvising til parkeringsvaktene for den mest smidige plasseringa av bilen din.
Parkering på Vårmarknaden er gratis.
Som utstillar kan du parkere 1 bil på standplass, dersom du har plass til den på tildelt standplass. Vi ynskjer at personbil blir sett i bakkant av standplassen, så du har ein god presentasjon av produkta dine for gjestene.
Vakthald
- Vi har adgangskontroll i Hovudporten og Køyreporten gjennom heile dagen.
- På dagtid er det utstillarvakter som går rundt på området, desse skal passe på at utstillarar og gjester har ein bra oppleving på Vårmarknaden.
- Det går nattevakt på plassen natt til fredag og natt til laurdag.
Administrasjonen minner likevel om at du som utstillar sjølv er ansvarleg for skader og forsikring.
Du kan alltid ta kontakt med Utstillarkontoret om du har spørsmål vi kan hjelpe deg med.
Overnatting på Vårmarknaden
Dersom du har plass til å overnatte på standplassen din, kan du som utstillar sove her, under nokre føresetnadar:
- Du må melde frå til Utstillarkontoret kor mange som overnattar på standplassen kvar dag. Dette for at brannvesenet skal ha oversikt over tal på personar inne på Dyrskuplassen.
- Alle campingeiningar pliktar å ha røyk-/gassvarslar og eit brannslokkingsapparat (min. 6 kg. ABC). Kontroll kan bli gjennomført.
- Du har i tillegg høve til å overnatte i eigen bubil, campingvogn e.l. på eige campingområde under marknaden. Eigne prisar gjeld.