Det er morosamt å vere barn på Dyrsku’n!

Helga byr på spennande aktivitetar og nye inntrykk for barn i alle aldrar. Her kan du komma i nærkontakt med dyr og natur, prøva deg på gammalt handverk, smaka ny og ukjend mat, eller få deg ein svingom i karusellar.

01.07.2024
Dyrsku'n er eit eldorado for barn med mange aktivitetar, dyr og kurs.

Visste du at Dyrsku’n har ein heilt eigen bondegard for barn? Her kjem du tett på mange typiske gardsdyr, som grisungar, lam, kalvar, kaninar og høner. Kanskje er du heldig og får sjå ein kylling bli klekt medan du er innom. Du kan køyra trøtraktor, ri kjepphest, eller prøva deg som anleggsgartnar. Viss du vågar, får du moglegheit til å blåse opp ei ekte dyrelunge og sjå korleis den utvidar seg. Det er stilig!

I Husdyrhallen finn du mange husdyr, og det blir vist mjølking av ku, klipping av sau og mykje meir. På Sterke Nils-tunet får du handmjølka ei geit eller strigla ein fjordhest. På ridebanen står trivelege ponniar klare til å gje deg ei fin stund på hesteryggen.

For deg som likar litt meir action, kan du prøva deg som kusk eller ryttar på travsimulatoren Monté Python i Fjoset. Fredag visar barn og ungdom fram kalvar og kyr i utstillingsringen, og fleire gonger gjennom helga er det oppvisning i kaninhopp.

Mjukt handarbeid og skikkeleg slagkraft

Er du nysgjerrig på veving, kan du prøva det i PostBanken ved Hall B, og på Sterke Nils-tunet lærar du å banka lin og får sjå korleis linplanten blir behandla for å kunne brukast til klede. Du kan også tova ull, sjå halmbinding og læra meir om anna tradisjonelt handarbeid.

På Sterke Nils-tunet kan du læra å bruke ein slipestein, eller få demonstrert spikkekunsten og sjå korleis eit grovt trestykke blir forma med kniv til nye, flotte former. Blir du inspirert av det du ser, er det lurt å ta turen til Skogtunet, der du sjølv kan prøva deg med spikkekniven. Der kan du også læra meir om brannvern i skogen, gå natursti eller prøvesitte ein ekte skogsmaskin.

Likar du det litt barskt, bør du prøva deg i smia. Der står to drivne smedar klare til å hjelpa deg, og det du smir kan du få med deg heim som eit herleg minne frå ein spennande dag.

Smak deg gjennom Dyrsku’n

Er du interessert i matlaging og spennande smakar, er Geitmyra verd et besøk. Dette er eit område for barn og unge, og dei vaksne må fint vente på utsida. På innsida kan barna vera med på matkurs der spennande nye smakar bidreg til ekte matglede. Nytt av året er kokkekurs for ungdom.

På Sterke Nils-tunet kan du delta i matlaging på gamlemåten, og mellom anna kinna smør.

Spenning før og no

Er du av dei som elskar ein skikkeleg runddans? Lunds Tivoli byr på eit breitt utval av attraksjonar. I år kan du også køyra karusell med speidarane på Sterke Nils-tunet. Karusellen vert bygd av tauverk og staur og drive av rein muskelkraft. Speidarane byr også på andre typiske speidaraktivitetar, noko som heilt klart er verd å utforska.

Ved Sterke Nils-tunet finn du vikingleiren til Olavs menn. Her har dei bygd eit grindverksbygg og kledd seg i ekte vikingklede. Dei lærar deg å skriva med runeskrift, og du får delta i spennande vikingleikar. Kanskje er du familiens beste i sverdkamp?

Det er mykje å prøva og mangt å læra på Dyrsku’n. Sjekk programmet, så er du trygg på at du får med deg alt.