Signe og Arne Aas dreiv fotoforretning i Seljord i mange år. I testamentet til ekteparet stod det at dei ville opprette eit minnefond til unge i Vest-Telemark som satsar på tradisjonell handverk og kunstfag i Øvre-Telemark. Målet er å gje økonomisk støtte til unge i etableringsfasen som kan skape varige arbeidsplassar og busetning. Vest-Telemark museum forvaltar fondet.
Mottakar i 2022 er Johannes Grøstad Barstad, busett i Flatdal og nyutdanna smed. Han ynskjer å bygge ei smie på heimplassen og pengane går til dette formål.