For tredje år på rad inviterer Tun Media, Felleskjøpet og Dyrsku’n til konferansen Kvinner i landbruket. I år, som tidlegare, går konferansen av stabelen i teltet TettPå Stor.
Jannicke Engan er konsernsjef i Tun Media og ansvarleg redaktør for Nationen. No håpar ho konferanseteltet på Dyrsku’n blir stappfullt av rause og tøffe kvinner laurdag 14. september.
– Me treng kvinner som vil drive gard og som ikkje er redde for å ta ansvar. Kvinner som vil dele erfaringar og kunnskap for å hjelpe andre kvinner å finne overskot og mot til å drive gard.
Med dette litt alvorlege bakteppet, vert du invitert til ein konferanse med glimt i auget, humør, latter og gode historier frå scenekanten. Det blir historier frå heile landet, oppturar og nedturar frå kvardagen på garden og i landbruket.
Det blir spennande foredrag frå mellom anna Dordi Lerum, Roxana Stangeby, Ragnhild Eriksen og Lise Marit Syftestad.
Ein av dei viktigaste grunnane til at Engan er pådrivar for konferansen, er den positive tilbakemeldinga frå publikum og foredragshaldarar. Dei fortel at dei har fått nye venner og kontaktar etter «Kvinner i landbruket», og at det har enormt stor verdi.
– Å drive sjølv er ofte einsamt og krevjande, uavhengig av kva drifta er. Du har ansvaret for at det blir godt driven og at rekneskapen går i pluss. Du jobbar ofte lange dagar åleine, og det å ha nokon du kan ringje viss du står fast eller berre treng ein prat, betyr mykje. Eg trur det er ekstra styrke i å snakke med ei som veit nøyaktig kva du står i.
Publikummet under «Kvinner i landbruket» har ofte ei eller anna tilknyting til landbruket. Her finn du produsentar, studentar og representantar frå dei ulike landbruksorganisasjonane. Generelt bra damer som heiar på landbruket og ynskjer å vite meir, er svært velkomne inn i teltet. Det gjeld så klart mannfolka også.
«Kvinner i landbruket» skal vera ei lita vitamininnsprøyting for dei som går med tankar om ein karriere i landbruket.
– Det snakkast mykje om gardsbruk som blir lagde ned, men når me ser på foredragshaldarane, og ikkje minst publikum i teltet, er håp og pågangsmot ein gjengangar.
Det er det Engan ønskjer å formidle.
– Det er så mykje som er bra med ein karriere i landbruket. Du er din eigen sjef og styrer eigen kvardag. Du har svært varierte arbeidsoppgåver, og kan arbeide i tett nærleik til både dyr og natur. Ikkje minst er du ein del av noko av det viktigaste som finst, å produsere maten me et.
Fakta:
- Laurdag 14. september, klokka 15 – 18.
- Påmelding på Kvinnerilandbruket.no, gratis inngang
- Servering av Dyrsku-suppe og lokal eplemost
- Konferansier: Kristin Saga
- Sponsorar: Stiftelsen Norsk Mat og Landkreditt