TettPå-arenaene byr på kunnskapsfest og smaksopplevingar

Tettpå-arenaene sørgjer for spennande debattar og foredrag, mat, drikke, kultur og underhaldning. I år blir det både søtt, salt og ein Hagle-konsert som garantert får i gang dansefoten.

29.06.2024

For tredje år på rad byr dei to Tettpå-telta på eit tettpakka program. Målet er at publikum skal få komma tett på kulturen, naturen og saka.

– Kunnskapsformidling er sentralt for Dyrsku’n, både gjennom rotekte opplevingar, som møte mellom dyr og menneske, og foredrag og debattar om sentrale tema innan norsk landbruk. Sidan starten av Dyrsku’n har visjonen vore auka verdiskaping for norsk mat og landbruk, og kunnskap til både produsent og forbrukar er grunnleggande for å få til dette, siger Geir Helge Espedalen, administrerande direktør for Dyrsku’n. Tettpå-arenaen har blitt eit populært besøksmål for mange.

– Denne delen av Dyrskuprogrammet har vorte særs populært både blant publikum og ulike samarbeidspartnarar, som ynskjer å formidle kunnskap til publikum. Me håpar mange tek turen innom og får med seg ny kunnskap.

I TettPå Liten blir det foredrag om honningens forunderlege verd og om gammalostens historie – og framtid. Det blir smaksprøver av både honning og ost, i tillegg blir det sidersmaking med lokalmat attåt, og fleire spennande foredrag.

I TettPå Stor går den årlege Dyrskukonferansen av stabelen, og Årets unge bonde skal kårast. I år som i fjor kjem også gutane i Hagle for å få folk på beina, før Kvinner i landbruket byr på tøffe og rause damer som delar av erfaringa si.

På sundag blir det fart og spenning når Naturfagrocker’n inntar scena med sitt unike show fullt av sprell og læring. Tradisjonen tru blir det også gudsteneste. Og som krona på verket blir det kåring av stipendvinnar, når Husflidtevlinga 2024 avsluttar programmet.

Sjå program