Dei fleste som besøkjer Dyrsku’n har liten eller inga tilknyting til norsk landbruk, men er likevel flittige forbrukarar av norske landbruksvarer. Frå husdyra får vi kjøtt, mjølk, ull og skinn. Husdyrhaldet er avgjerande for å oppretthalde og auka den norske sjølvforsyninga. Difor er det viktig at folk flest har kjennskap til dei norske husdyra, korleis dei lever og kva for produkt dei ulike artane gjæv oss.
– Vi ønskjer å vise nåtidas og framtidas husdyrhald og vere aktive kunnskapsformidlarar til alle som ønskjer å lære meir om husdyra våre og produksjon av norsk mat. Husdyrhallen er for alle, og du treng ingen førehandkunnskap for å kome innom. Vi har som mål å gjere informasjonen tilgjengeleg for alle, så om du ser noko du ikkje forstår, er det berre å spørja, forsikrar Sigbjørn Haslemo, som er husdyransvarleg og arenaleiar i Husdyrhallen.
Opplev breidda i norsk landbruk
I Husdyrhallen treffer du dei fleste av landbrukets organisasjonar, og kan få innsikt i korleis dei jobbar for å sikre eit berekraftig og levedyktig landbruk. Du kan også oppleva eit mangfaldig landbruk og sjå både dei typiske produksjonsdyra og litt meir uvanlege husdyr, som kaninar og bier. Organisasjonar som jobbar med avl og bevaring av ulike hesterasar, har også stand her.
Eit levande landbruk i utvikling byr på mange spennande jobbmoglegheiter, og fleire vidaregåande skuler, universitet og høgskuler tilbyr landbruksfagleg utdanning.
– Kom innom Husdyrhallen og lær meir om utdanningar som finst, oppfordrar Haslemo.
Tettare på dyra
Du kan sjå mange ulike typar husdyr, og fleire organisasjonar har spanande aktivitetar du kan vere med på. Mellom anna kan du morgon og kveld oppleve mjølking av ku.
– I dagens landbruk blir det meir og meir vanleg med lausdrift og mjølkerobot, og dette er heilt klart framtida, men i Husdyrhallen mjølkar vi framleis ku på bås, seier Haslemo.
Kvar dag vert det også klipping av sau, som er eit skikkeleg handverk, og på fredag skal Geno halde auksjon med ein profesjonell auksjonarius. Så kan hende kjem du heim med ei ku.
I forhold til framtidas husdyrhald vil Haslemo spesielt trekkje frem Geno og Norsvin, som driv med avl og genetikk på høvesvis storfe og svin. Begge organisasjonane har fått fram avlsmateriale som er attraktivt langt utanfor Noregs grenser, og dei spreier gen frå norske husdyr i både inn- og utland.
Ein føresetnad for deira arbeid er tapping av sæd, og to gonger dagleg kan du oppleve sædtapping av okse. Etterpå kan du sjå levande sæd i mikroskop og lære meir om avlsarbeidet som ligg bak.
– Sædtapping er eit populært innslag , og det er fascinerande å sjå så store dyr i sving. Har du ikkje sett det før, bør du nytta høvet, oppfordrar Haslemo og ynskjer alle varmt velkomne til Husdyrhallen.
Desse finn du i Husdyrhallen:
Geno
Høgskolen i Innlandet
NMBU
Norges Kaninavlsforbund
Norsk Bufe
NLR SA
Norsvin – Telemark
Nortura SA
Telemark Birøkterlag
Telemark Fjørfelag
Norsk Islandshestforening
Telemark sau og geit
TYR Telemark
Melsom VGS
Fagskulen Vestland
Landslaget for Dølahest og Norges Fjordhestlag