Variasjon gir styrke og framtidshåp

Familielandbruket er djupt rotfesta i norsk kultur og tradisjon og har ei viktig rolle for å sikra sjølvforsyning, busetjing og levande bygder. Variasjonen i driftsformer er likevel stor.

05.09.2024
Setring. Foto: Marianne Tvete, Nationen

Familielandbruk, der fleire generasjonar jobbar saman på eiga jord, er mest vanleg i Noreg. Mange gardsbruk går i arv, samtidig som nye bønder satsar og startar opp frå botnen. Norsk landbruk er mangfaldig, men alle treng eit langsiktig perspektiv og fokus på berekraftig jordforvaltning for å utnytte lokale ressursar best mogleg. Bli med til to bønder som driv på forskjellig vis.

Seterdrift i Telemark

Ingebjørg Håvardsrud har drive ein fjellgard i Tinn i Telemark i 20 år. I vinterhalvåret leverer ho 40 000 liter mjølk frå 12 årskyr i nybygd lausdriftsfjøs med minimalt med teknologi. Ingebjørg vil mjølke dyra sine sjølv.

Frå juni til september er ho og dyra på setra, der alt dei produserer blir foredla og selt i seterkaféen.

– På setra har eg 30 storfe, 40 høner, nokon lam, kje, grisar og andre smådyr. Eg har vore interessert i ysting og seterdrift heile livet og bestemte meg tidleg for å byggje ny seter og ta opp att seterdrifta, fortel Ingebjørg.

I tillegg driv dei bygdeturisme, hytteutleige, rakfiskproduksjon og skogbruk. Garden har 40 mål dyrka mark i bygda, og dei slår 12 mål på setra. I tillegg leiger dei litt jord og kjøper litt fôr. Både mannen, barna og foreldra hennar er med. Tre generasjonar jobbar side om side der det trengst. Kvar dag er 5-6 ungdommar i sving på setra, så drifta gir inntekt, erfaring og kunnskap til fleire enn familien sine eigne.

– Vi utnyttar lokale ressursar, skaper arbeidsplassar og viser korleis matproduksjon kan drivast i norske fjellbygder. Dyra går fritt og hindrar gjengroing av landskapet. Det blir ikkje meir berekraftig enn det, seier Ingebjørg.

Ny oppstart på Jæren

Torkell Tveitevoll Eide er stjerneforvaltaren frå Jæren, som kjøpte seg gard og vart bonde. Han meiner sjølv han er heldig som har hatt økonomisk høve til å følgje draumen sin. No eig han to garder i Sandnes og ein i Egersund.

– Det er ikkje så praktisk, men når du ikkje er fødd til å arve ein gard, må du bruke det du har for å få til det du vil, seier Eide.

Han har 500 mål som han slår, og eit par tusen mål med beite.

– Skal vi sikre norsk sjølvforsyning, er vi avhengige av å utnytte utmarka. Beite som forfell, er vanskeleg å ta tilbake, derfor er det viktig å legge til rette for auka beiting, meiner bonden som driv med kjøttfe av Angus og Wagyu.

Han har omtrent 80 mordyr med avkom. Avl er ein viktig del av drifta, og Eide er ein av dei som importerer mest embryo til landet. Dyra blir slakta på lokalt slakteri.

I tillegg til avløysarar, har han tilsett ein gardsstyrar som held ei kunnig hand på det heile. Faren er også ein ivrig bidragsytar, og Eide trivst godt med å jobbe saman med han.

– Ungane er med når det passar. Framtida for familielandbruket føreset at ein legg til rette for at neste generasjon kan delta, og at garden kan vere ein lønnsam arbeidsplass for fleire generasjonar, seier han.

Fjøset er eit nybygd lausdriftsfjøs med alle fasilitetar. Eide er opptatt av å ta i bruk ny kunnskap og teknologi for å sikre lønnsemd og berekraft i landbruket.

– Fordelen med å ikkje måtte halde banken i handa, er at du kan byggje slik du meiner er best. Då kan du utnytte innovasjon og teknologi som løfter drifta, samtidig som du ivaretek både dyrevelferd og HMS, seier den driftige Jærbuen.

Foto: Marianne Tvete, Nationen. Bilde er av Ingebjørg Håvardsrud.