Årets mat- & drikkeprodukt

Vinnaren av årets lokalmatprodukt er osten RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder. Kvart år kårar Dyrsku’n Årets mat- & drikkeprodukt.

10.09.2024
RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder

Vinnaren av årets lokalmatprodukt er osten RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder

Jørn Martinsen og Ruth Kylland Martinsen driv garden og produserer ost og yoghurt på mjølk frå eigne kyr. Dei er utstillarar i matteltet for fyrste gong, og det blei ei god oppleving. Under opningsprogrammet blei dei kalla opp for å motta prisen.

– Vi starta ysteriet for ti år sidan og hadde med tre produkt i konkurransen, og vi har gjort det veldig godt med alle tre. Så var vi heldige og vann 1. prisen for Rødlin, fortel Jørn Martinsen.

Vinnarproduktet er ein rødkittost som er modna i ca. 11 månader. Det er ein type appenzeller etter sveitsisk oppskrift.

– Mentoren vår er fabrikksjef på Det Norske Brenneri i Grimstad. Han er utdanna ystar og var innom nokon han kjende i eit ysteri i Sveits og henta oppskrifta. Så den er eigentleg hemmeleg.

Råvarene til osten er mjølk frå dei seks kyrne på garden, og i ysteriet blir mjølka ysta på vanleg måte. Så blir osten sett på lager og vaska med røkje – ei blanding av bakterien rødkitt og saltlake. Etter kvart blir osten heilt raud ettersom alle rødkittostar har eit raudt lag av bakteriar rundt seg.

– Produktet blir vaska kvar dag i starten og mot slutten ein gong i månaden. Osten kan faktisk lagrast i fleire år slik, fortel Jørn Martinsen.

Kva betyr det for deg å vinne ein slik pris?

– Det er veldig stas – kjempestas. Det tyder også at vi får mykje merksemd. Vi har vore heldige fleire gonger, så det har faktisk blitt VM-gullmedalje på alle ostane våre. Det er veldig stas!

RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder

Dyrsku’n årets mat- og drikkeprodukt 2024

Kvart år kårar Dyrsku’n Årets mat- & drikkeprodukt. Prisen skal inspirere til kreativitet innanfor produktutvikling basera på lokale råvarer og tradisjonar.

Tilbakemelding

Vinnaren av årets lokalmatprodukt har gitt juryen ei eventyrleg smaksoppleving! For kvar bit vi tok, fekk vi berre lyst på meir. Her stemmer absolutt alt.
Smakspoengskalaen vart sprengt!
Smaken er kompleks, rik og med eit tydeleg umamipreg. Konsistensen er fyldig, og ettersmaken sit lenge i munnen.
Produsenten av dette økologiske produktet har heile seks kyr, og dei må vere dei beste produksjonsmedarbeidarane i landet.
Fargen på yttersida er raud-oransje, og den tørre, jamne skorpa på denne upasteuriserte osten vitnar om handverk og kompetanse i særklasse.

Årets mat og drikke 2024. Vinnaren av årets lokalmatprodukt er osten RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder.

Vinnaren av årets lokalmatprodukt er osten RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder.

Det beste av det beste

Alle lokalmatprodusentar som er utstillarar på årets Dyrsku’n, kan delta i konkurransen. Produktene vert vurdert i høve til smak og konsistens, innovasjon og kreativitet. Emballasje, lay-out og marknads- og miljømessig berekraft vert også vektlagt.

Juryen består av eit sett høgkompetente fagfolk, som Dyrsku’n er veldig stolte av å ha med på laget. Hanne Frosta er hoveddommar, og har med seg Margit Dale, Marit Strand og Eivind Haalien. Vinnaren får tildela diplom og gåvesjekk under den storslåtte opninga av Dyrsku’n på Fjoset fredag klokka 16:00. I tillegg får dei gratis stand på neste års messe, samt profilering i Dyrsku’n sine kanalar.

– Vi er stolte av å ha veldig mange gode kvalitetsutstillarar på Dyrsku’n, som får fram fantastiske produkt innan mange ulike kategoriar, seier lokalmatansvarleg på Dyrsku’n, Margit Nordstoga Aasan.
Fjorårets vinnar var NeRø Frukt og Sider, som vann med Issideren Terra Incognita.

– Det var utruleg stort å vinna prisen som Årets mat- & drikkeprodukt på Dyrsku’n. Å gå heilt til topps i konkurranse med så mange dyktige produsentar frå så mange ulike kategoriar, er jo berre heilt fantastisk. Og det set norsk drikke på kartet som ein viktig del av lokalmatkonseptet, forteller Ole Christoffer Røste.

Årets dommarar

Hanne Frosta – er ein av landets mest visjonære kokkar med brei erfaring og kompetanse som kjem mange til del. Ho er tidlegare eigar og drivar av «Hanne på Høyden», medlem av fora Nordisk mat og er tidlegare Bondelagskokk. Ho arbeider for tida i Bergen fengsel. Hanne er dommarleiar i kåringa av årets mat-&drikkeprodukt på Dyrsku’n.

Margit Dale er fødd og oppvaksen i Valle i Setesdal. Ho er kjend som programleiar for TV2-seriane Kystmat og Fjellmat, matbloggar, foredragshaldar og kokebokforfattar. Margit er utdanna mat og helse-lærar, har vore gardbrukar og lokalmatprodusent, og har drive to serveringsstader.

Marit Strand fagsjef lokalmat i Stiftelsen Norsk Mat som er ei uavhengig stifting som arbeider for å styrke konkurransesituasjonen for norsk matproduksjon. Gjennom sitt arbeid og engasjement for norsk mat, har ho god kjennskap norsk lokalmat.

Eivind Haalien er ansvarleg for lokalmat og spesialitetar i NorgesGruppen/MENY. Han er oppvaksen på fjellgard i Valdres, utdanna kokk, har gjeve ut matbøker og brenn for større mangfald og matglede i den norske matmarknaden.