Det blir mange dyr på Dyrsku’n!

På Dyrsku’n vil du som tidlegare år treffe mange dyr på ulike arenaer! Sterke Nils-tunet, Tyr-arenaen, Husdyrhallen og Barnas Bondegard har mange firbeinte som saman med oss gler seg til å ta i mot tusenvis av gjester til Dyrsku’n.

10.09.2024
Søte kaniner på Dyrskun

Når det gjeld ku- og geitekonkurransen i Fjoset set virussjukdommen «Blåtunge» ein stoppar for denne i år, men utover dette vil det som seg hør og bør vere klart for mange gode møte mellom folk og fe på Dyrsku’n.

Det er utruleg mykje som skjer under årets arrangement. Her kan du sjå oppdatert program for Dyrsku’n 2024.

Hesteutstillinga på Dyrsku'n er blant ei av dei største i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt.

Hesteutstillinga på Dyrsku’n er blant ei av dei største i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Foto: Dyrsku’n/Mona B. Kasin

Møt dei vanlegaste husdyra på Dyrsku'n

Møt mange dyr på Dyrsku’n!

Kyr på Durskun

Griser på Dyrskun