Storfint besøk til høgtideleg opning

Hesteskyssen svingar inn framom Fjoset, og ut av vogna stig statsminister Jonas Gahr Støre. I år er det han som har fått det ærefulle oppdraget med å opna årets Dyrsku’n og slå dei velkjende tre slaga i bjølla.

11.09.2024

Opninga av Dyrsku’n er tradisjonsrik og høgtidsam, slik det skal vere når vi opnar Noregs største mat- og landbruksmesse. Vi har eit variert program med innslag som speglar heile spennvidda til Dyrsku’n, seier prosjektleiar for Dyrsku’n, Marit Mæland.

Gardbrukar og musikar Aasmund Nordstoga leier opningsprogrammet og bind det heile saman med steving i ekte telemarksånd. Artisten Odd Nordstoga står for dei musikalske innslaga, og Mæland fortel at dei er veldig glade for å ha desse to med på laget.

Offisiell opning

Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen ønsker dei besøkande velkommen til Seljord, før statsministeren utfører den offisielle opninga av årets Dyrsku’n.

– Vi er sjølvsagt veldig stolte over å få statsministeren på besøk. Støre skal også dele ut gjæve prisar, saman med landbruks- og matminister Geir Pollestad, fortel prosjektleiar Marit Mæland.

Gjæve prisar

På matsiden skal det deles ut to prisar. Prisen Årets mat- og drikkeprodukt, er Dyrsku’n sin eigen matpris. Den blir delt ut til ein av utstillarane innen lokalmatkategorien. I tillegg skal Hanen, Meny og Dyrsku’n kåre Årets lokalmatgründer ut frå fire førehandsnominerte kandidatar.

Vi skal òg dele ut «Hans Kleppens Vandrekrus». Dette er staselege prisar som heng høgt, kan Mæland fortelje.

Bli med på festen

Opningsprogrammet startar klokka fire på fredag. Det er eit fint høve til å kjenne på alt Dyrsku’n står for. Sørg for å væra ute i god tid, for her blir det folksamt, oppfordrar Mæland.