Prisar og diplom for godt handverk

Norges Husflidslag deler til saman ut tre diplom for godt handverk under årets Dyrsku. Her er vinnarane av diplom for godt handverk, Nyskapingsprisen og Stimuleringsprisen.

13.09.2024
Diplom for godt handverk

Norges Husflidslags «Diplom for godt handverk» kan delast ut til opp til 3 utøvarar for heile tevlinga. Dommarane skal legge vekt på at:

• Produktet skal vera ei vidareføring av norske handverks- og husflidstradisjonar.
• Kreativitet og nytenking skal lønast.
• Produktet skal vise fagkunnskap.
Produktet må oppfylle minst to av desse kriteria.

Her er vinnarane av diplom for godt handverk:
Sigrid Kristin Egeland frå Ulefoss mottek med dette Norges Husflidslag sitt diplom for godt handverk for kvarde inspirert av eit arbeid frå Sauherad
Arbeidet er eit døme på grundig utført handverk som har vekt stor begeistring hjå årets dommarar og jury. Arbeidet er ei vidareføring av norske husflidtradisjonar gjennom rekonstruksjon av kvarde frå digitalt museum og eigne harmoniske val i materialar og fargevalørar. Egeland lyfter arbeidet til eit eige nivå som syner høg meistring av komposisjon, balanse, teknikk og kvalitet som nesten er til å miste pusten av. Vi gratulerer.

Gisle Mork frå Oslo mottek med dette Norges Husflidslag sitt diplom for godt handverk for sin staskniv med pauta slire og skaft i valbjørk.
Mork sin staskniv inneheld mange element som er meisterleg utført. Mork syner til vidareføring av norske handverk- og husflidstradisjonar, tilfører arbeidet eigne kunstnariske val og syner høg grad av fagkunnskap. Kniven som heilskap framstår nett og velkomponert i uttrykket, og kvaliteten er solid i alle ledd. Arbeidet imponerer og begeistrar. Gratulerer.

Årets tredje og siste diplom for godt handverk vert tildelt Arne Sollihøgda frå Hamar for firbeint bolle i tre.
I dette arbeidet har utøvaren skapt ein karakterrik bolle som er blitt til i dialog mellom handverkar og emne. Sollihøgda oppfyller alle tre kriterier for diplom for godt handverk. Han vidarefører handverksmessige tradisjonar gjennom arbeid med handverktøy og rått virke. Kreativitet og nytenking kjem til uttrykk gjennom særeigen formgjeving. Bollen er velkomponert og grundig utført, som syner fagkunnskap og teft på høgt nivå. Dette synes Norges Husflidslag er formgjeving på sitt beste. Gratulerer.

Stimuleringsprisen 2024

Prisen går til ein utøvar som utmerkar seg med framifrå arbeid innan feltet. Prisen skal vere ei oppmuntring til den gode handverkaren som arbeider i ein tradisjon og vidarefører denne. Husflidsutstillinga ser det som svært viktig å verdsette handverkarar som arbeider innanfor smale felt og å vise desse teknikkane for publikum. Prisen er på kr. 5000,- og eit diplom gjeve av Dyrsku’n.

Stimuleringsprisen 2024 går til Dina Harkmark Lie frå Rauland for sitt arbeid med skomakerfaget og «dufsesko»-tradisjonen
Harkmark Lie er ein handverkar som arbeider og vidarefører og som gjer ein svært viktig innsats i å formidle og vise fram eit verneverdig og smalt handverksfelt. Harkmark Lie er ein av få som jobbar i feltet i dag. Handverkaren oppsøker aktivt tilgjengelege kunnskapskjelder i inn- og utland og bidreg til aktiv vidareføring og forhindring av at tradisjonar døyr ut. Ho er ein initiativrik og engasjerande formidlar som ser tydnaden av formidling. Til nasjonal tevling for husflid, handverk og design, har Harkmark Lie levert eit sett med detaljerte og velutførte «Dufsesko». Vi synes at Harkmark Lie er ein svært verdig kandidat til å motta årets stimuleringspris.

Nyskapingsprisen 2024

Nyskapingsprisen vert delt ut under mottoet «Nye skot frå gamle røter».

Denne prisen skal legge vekt på:
• Arbeidet skal ha røter i handverk- og husflidstradisjonane våre
• Arbeidet skal vise noko nytt i høve til gamle tradisjonar ved t.d. å ha nye bruksfunksjonar, ny design i høve til dekor og form, eller nye kombinasjonar av teknikkar
• Arbeidet skal vise husflid tilpassa vår eiga tid
• Arbeidet skal ha god teknisk utføring
• Arbeidet skal ikkje vere kopi av gamalt handverk
Prisen er på kr. 5000,- + diplom gjeven av Norges Husflidslag
NB! Mottakaren av Nyskapingsprisen vert fyrst nominert av dommarane på tevlinga, før ein jury frå Vest-Telemark Museum, Dyrsku’n og Norges Husflidslag tek ei endeleg avgjerd. I år har to arbeid blitt nominert til nyskapingsprisen. Då den eine kandidaten er tilsett i Norges Husflidslag, har årets avgjersle blitt teken av Vest-Telemark Museum og Dyrsku’n. Derfor gjer vi i år litt om på utdeling og deler ut kvarandre sine prisar.

Nyskapingsprisen går i år til handvevar William Riedlinger busett i Stavanger for sitt arbeid «Portalen»:
Arbeidet med QR- teppet «Portalen» oppfyller alle krava til Nyskapingsprisen.
Det er eit framifrå handverksmessig arbeid, med god kjennskap til historisk materiale utførd med presisjon. Juryen har latt seg imponere av måten Riedlinger har utført midtsaum, mønsterutrekning og presisjon i utføring med spøler/ breidder. Handverkaren har ikkje tatt raske snarvegar, men utført eit kunststykke på gamlemåten. Mønsteret som syner ein dekorativ qr-kode leier ein inn på ein nettstad der utøvaren har komponera eit dikt som ein kommentar til fortid og notid, og utfordringane vi står overfor dagens samfunn med dette usynlege store myrkret som lyser oss i andletet kvar dag frå mobilane våre. Dette er kunst, nyskaping og eksemplarisk husflid. Det er eit nytt skot frå gamle røter.