Tildeling av Hans Kleppens Vandrekrus 2024 og 2025

Hans Kleppens Vandrekrus skal kvart andre år delast ut til enkeltpersonar og lag i Norge som fremmar verdien av Telemarkfe. Prisen delast for 2024 og 2025 ut til Nina Svartedal i frå Østfold.

13.09.2024
Nina Svartdal vann Hans Kleppens vandrepris 2024 25.

Prisen delast for 2024 og 2025 ut til Nina Svartedal i frå Østfold.
I tillegg til vandrekruset får ho eit diplom utsmykka av kunstnaren Borghild Telnes.

Prisen ble dela ut under opninga av årets Dyrsku’n fredag 13. september. Statsminister Jonas Gahr Støre og Landbruks- og matminister Geir Pollestad dela ut prisen.

Hans Kleppens Vandrekrus

Grunngjeving:

I år ønsker vi å heidre ein person som har gjort ein innsats for alle dei gamle storferasane gjennom meir enn 30 år. Nina Svartedal er både aktiv storfehalder og fagekspert. Utan ho ville fleire av desse rasane vært utdøydd.

Nina er i dag seniorrådgivar og fagleiar ved Norsk genressurssenter med ansvar for å overvake og rapportere status for bevaringsverdig genmateriale for planter, husdyr og skogstrær i Noreg. Her har Nina Svartedal blitt kjent for alle som er opptatt av gamle raser, uansett kva det måtte vere av dyr som har sitt tilhald i Norge. I 2023 gav ho ut ei bok om dette, og tittelen på boka hennar er: «Husdyra som ikke ville dø ut».

Nina og mannen Lars driv også sjølve med dølafe på garden Svartedal i Skiptvedt i Østfold. Det er en ære å overrekke henne dette vandrekruset.

Om Hans Kleppens Vandrekrus

Sylvkruset var opphaveleg ei heidersgåve til prisdomar og bonde Hans Kleppen i Gjerpen på hans 70 års dag i 1926 i frå oppdrettarar i Telemark. Ved sitt testamente gav han kruset til Telemark landbruksselskap. Føremålet var at det kan nyttast som vandrepremie til framhjelp av fehaldet i fylket. Utmerkinga har vore dela ut på Dyrsku`n sidan 1950 av Telemark landbruksselskap.

I juryen for prisen sit:
Regina Brajkovic, leiar, styremedlem Telemark landbruksselskap
Mona Olsrød, representant Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Landbruksavdelinga
Sveinung Kjellemo, representant Tyr Telemark
Sigbjørn Haslemo, representant Landslaget for Telemarkfe