Heidersprisen går til eldsjela Sveinung Danielsen

Årets heiderspris går til ein framifrå inspirator både i sitt nærmiljø og utad. Han har ein sterk fagleg tyngde, lang erfaring og er svært sterk på formidling i fylgje dei som både kjenner han.

14.09.2024
Sveinung Danielsen

Mottakaren av prisen har vore med å forme folk si Dyrskuoppleving heilt sidan 2013.

Mottakaren har formidla, inspirert og opna nye spennande dører for mange besøkande som har vore innom Sterke Nils-tunet dei seiste åra.

Mottakaren av årets heiderspris er ein tusenkunstnar. Han sår frø, gror lin og tryllar den om til magiske jakker. På Dyrsku’n formidlar sitt engasjement så det smittar. Linproduksjon, foredling og materialitet er noko årets mottakar brenn for.

Årets heiderspris går til eldsjela Sveinung Danielsen frå Norsk Linforening, for sitt mangeårige og viktige engasjement for nytting av lin til eit ungt publikum.

Dyrsku’n set utruleg stor pris på den fantastiske innsatsen som har inspirert mange tusen besøkande med sitt genuine engasjement og vil gratulere Sveinung Danielsen med ein vel fortjent Heiderspris.

Prisutdeling