Smittevernkrav:
Dyrsku’n som arrangør vil følge opp tilrådingane frå næringa rundt smittsame sjukdommar. Det gjeld m.a. klauvsjukdommar, BRS virus og BCo virus.
Vår oppgåve, saman med deg, er å sørge for at dei dyra som kjem på Dyrsku’n er smittefrie og friske.
Dyr på utstilling medfører risiko for overføring av smitte, og førehandsreglar er viktig for å minimere risiko. Dyrsku’n har, i samarbeid med Animalia og Mattilsynet, laga ei sjekkliste som krav til smittevern på utstillinga:
- Dokumentasjon skal føreligge i Helseattest Buskap, Stambok individ eller i Dyrehelseportalen (Kukontrollen/Storfekjøttkontrollen)
- Veterinær helseattest må vera nyare enn 7 dagar gammal
- BRSV og BCoV: Deltakarar skal kome frå besetningar med grøn status
- Smittsame klauvsjukdommar: Dyra skal være fri for klauvspalteflegmone og digital dermatitt, og veterinær skal undersøke dette før utstillinga.
Smitteverntiltak mot klauvsjukdommar:
Grøn klauvstatus i besetningar som deltek med dyr på utstilling (0,9 klauvskjæringer pr år). Hodyr over 24 mnd som sto i besetninga på tidspunkt for kontroll i klauvboks, men som ikkje blei undersøkt på grunn av utrangering kort tid etter, vil påvirke klauvskjæringsfrekvensen negativt. Det viser derfor til noko skjønn, dersom klauvskjæringsfrekvens er høg nok for dyra som utgjer besetninga på utstillingstidspunktet.
- Alle dyr blir dusja på klauvene med egna desinfeksjonsmiddel (eks Intra Hoof Fit Bath eller Digiderm) på veg inn på utstilling og ut av utstilling
- Dyreeigerar oppfordrast til å ha minimal kontakt med andre sine dyr under utstillinga
Les meir på:
Anbefalinger smittevern på dyreutstillinger (animalia.no)
Last ned skjema for prøver til BRSV/BCoV-analyse
Jurhelse
Dyrsku’n jobbar for at det ikkje skal skje spreiing av smittsame mastittbakteriar på utstillinga. Dette kan du som utstillar løyse på to måtar:
- Ha med eiget spannmjølkeanlegg. Dette er å føretrekke
- Skal felles mjølkeutstyr brukast, må mjølkinga gjennomførast med god hygiene: Ein rein klut pr ku, dypp av mjølkeorgan i minst 60 graders vann i
1 minutt, deretter avkjøling av organ mellom påsett mellom kyr
Til deg som stiller storfe på Dyrsku’n
Vi vil gjere det vi kan for å legge til rette for dyr på utstilling. Dyrsku’n dekker følgande kostnadar:
- Prøve for å vise raud/grøn besetning:
Kostnad dokumenterast kun ved fakturakopi, der følgjande opplysningar må føreligge:
Produsent, ku nr. og kontonr.
- Veterinærattest
- Transport av dyr
Dokumentasjon og krav rundt kostnadane skal være Dyrsku’n i hende innan 1. oktober. Rekningar som kjem inn etter denne dato vert ikkje refundert.
KU-UTSTILLING
- Krav til premiegrad for alle raser
- 1.premie 8,0 for kropp og bein og 4,0 for jur
- 2.premie 7,0 for kropp og bein og 3,0 for jur
- 3.premie 6,0 for kropp og bein og 2,0 for jur
- Alle utstillarar av ku får deltakarpremie og diplom
- 1. og 2. premiekyr får i tillegg sølvskei
- Krav til besetningen
- Besetninga må vere med i ku-kontrollen. (Gjeld ikkje dei gamle norske storfe-rasane).
- Vi tillet berre besetningar med grøn BRSV/BCoV status
- Det skal vere gjennomført klauvskjæring i besetninga siste året, og det skal ikkje vere registrert Digital Dermatitt siste året
- Dyra blir ikkje dømde om ikkje desse krava blir fulgt:
- Dei dyra som stiller, må ha seminokse eller stambokført gardsokse som far og vere av mjølkerase
- Det vert ikkje stilt krav til avlsverdi, og kyr med tomme jur vil bli dømde
- Alle kyr skal mjølkast om morgonen på utstillingsdagen
- Sjuke kyr dømmast ikkje
- Alle dyr må vere rett merka i begge øyra og innmeldt i merkeregisteret
- Utstillingsmodell
- Dyra blir delt inn i grupper, fordelt på rase og talet på kalvingar
- Alle dyr i gruppa blir ståande til alle er blitt dømd, og det blir delt ut deltakarpremie til alle
- Det bør vere ein person frå raselaget som pratar i mikrofonen når «deira» rase blir dømt
- Dei staselegaste kyrne frå gruppene blir samla for kåring av rasens gjevaste ku
- Kåring av beste ku
- Når ein skal kåre utstillingas beste ku, blir alle 1. premiekyr /storferasens gjevaste ku samla i ringen
- Ein dommar frå kvar rase sett opp ei rangering. Den enkelte dommar kan ikkje røyste på «sin» rase. Avrøystinga skjer ved at dommarane avgjer stemmeteikn for kvart enkelt dyr
KALVEMØNSTRING
- Kalvemønstringa er etter at kyra er dømt på fredag
- Kalven må vere 1-6 månaders kvige- eller oksekalv, og utstillar må vere mellom 5 og 15 år gammal
- Kalv og mønstrar delast inn i 2 grupper etter alder på mønstrar
- Vi går bort frå dommarskjema
- Kvar gruppe er inne i ringen ca. 20 min. og dommarane rangerer etter utsjånad på kalven, og samspel mellom kalv og mønstrar. Det vil bli vektlagt at mønstrar er velkledd
KUMØNSTRING
- Mønstrar må vere fylt 13 år og dyret som mønstrast kan være ku eller kvige over 6 mnd. gammal
- Vi går bort frå dommarskjema. Det dømmast kun etter styling og handtering
- Mønstrar må kunne stille ku i open stilling. Vert det stilt med ei kvige, må den kunne stillast i lukka stilling
- Alle ekvipasjane er inne i ringen samtidig. Dommarane plukkar så ut ein og ein og står til slutt att med 5 ekvipasjar i ein finale
- Dei ekvipasjane som ikkje kjem til finalen, trekker ut til sida i ringen og er med heilt til slutt
- For å skilje finalistane, kan det vere aktuelt å bytte dyr
- Det oppmodast til at deltakarane også stiller kua i eksteriørtevlinga tidlegare på dagen