Send inn din søknad om standplass til Dyrsku'n innan 1. februar
Send inn din søknad om standplass til Dyrsku'n innan 1. februar

Tildeling av standplassar

Tildeling av stand skjer fortløpande etter at søknadsfristen er gått ut 1. februar.

Tildeling av standplassar på Dyrsku’n startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut i midten av april.

Søknader som kjem inn etter fristen 1. februar blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig. 

Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For at alle skal kome med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn namn på dei andre utstillarane i sitt søknadsskjema under punktet «Ekstra oppføringar firmanamn». 

Adgangsband og førehandsbestilte kort får du på utstillarkontoret når de sjekkar inn på marknaden. Standplassen vert stilt til rådvelde frå fredagen før Dyrskuveka startar.

 

Utstillarsøk vert lagt ut på nettsida fortløpande, liste over alle årets utstillarar blir òg publisert i Dyrsku’n si offisielle messeavis.