Husdyrutstillinga på Dyrsku’n skjer i Fjoset. Tradisjonen tru er fredag sett av til ku og geit, mens det er dømming av hopper på laurdag og unghest på sundag.
Det er også mange andre programpostar frå Hovudscena i Fjoset, men dømming av ku og geit er først ut. Deretter følgjer kalvemønstring og kumønstring. Til slutt kjem den gjeve premieutdelinga på husdyrutstillinga.
Det offisielle opningsprogrammet til Dyrsku’n skjer også på hovudscena i Fjoset. Her er det tradisjonelt debattar, kulturelt program og høgtideleg opning av den tradisjonsrike messa.
Sjå programmet for detaljera oversikt over dei ulike aktivitetane som skjer på Fjoset gjennom heile Dyrskuhelga.