I Hall B finn du Husflidsutstillinga – i handverk & design som syner arbeid frå tevlinga, ei dagsaktuell særutstilling, eit utval gjesteutstillarar samt elev- og studentarbeid.
Saman med Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum arrangerer vi kvart år landets største tevling i husflid, handverk og design. Tevlinga starta i 1963, og heilt sidan da har fokuset vore på kvalitet og tradisjonelt handverk.
Bli betre kjent med husflid på Dyrsku’n.