Husflid og handverk på Dyrsku'n
Husflid og handverk på Dyrsku'n
Sjå alle våre arenaer

Arenaoversikt husflid, handverk & design

Bli betre kjent med husflid, handverk & design på Dyrskuplassen, og kva for område du finn aktivitetar og utstillarar.

Tala viser til nummerering på kartet

 

Sterke Nils-Tunet (16)

I det gamle gardstunet på Sterke Nils-tunet går du tilbake til tida, og på Dyrsku’n kan du møte dei vanlegaste av dei gamle husdyra, samt sjå demonstrasjonar av forskjellige handverk. Dei ulike handverks-aktivitetane finn du oversikt over i programmet.

 

Hall A: Salshall for husflid, handverk & design (10)

I Hall A finn du handverkarar som sel produkt produsert i ulike material og teknikkar. Dei fleste utstillarane har produkta sine som næringsveg, og høg kvalitet er kriteriet for å få lov å delta som utstillar i hallen.

 

Hall B: Husflidsutstillinga (12)

I Hall B finn du Husflidsutstillinga – utstilling i husflid, handverk & design på Dyrsku’n som syner arbeid frå husflidstevlinga, ei dagsaktuell særutstilling, samt elev- og studentarbeid.

Saman med Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum arrangerer vi kvart år landets største tevling i husflid, handverk og design.

PostBanken (12 – del av Hall B)

 

Gongestogo (9)

Under Dyrsku’n er det årleg ei historisk handverksutstilling i Gongestogo i regi av Vest-Telemark Museum.

 

Kniv- og klokketorget (11 – På utsida av hall A)

Torget er ein av dei mest tradisjonsrike arenaene på Dyrskuplassen. På kniv- og klokketorget kan du handle og sjå nettopp kniv og klokker. Her er det rotekte marknadsstemning!

Publikumskart bilde

Last ned kart over Dyrskuplassen