Årets unge bonde
Fredag 13. september delte Felleskjøpet, McDonald’s og Noregs Bygdeungdomslag ut prisen for Årets unge bonde for 15. gong. Vi gratulerer Jørgen Andrisoon Kvam og Thea Sandsengen frå Vang i Valdres som Årets unge bonde.
Fredag 13. september delte Felleskjøpet, McDonald’s og Noregs Bygdeungdomslag ut prisen for Årets unge bonde for 15. gong. Vi gratulerer Jørgen Andrisoon Kvam og Thea Sandsengen frå Vang i Valdres som Årets unge bonde.
Hesteskyssen svingar inn framom Fjoset, og ut av vogna stig statsminister Jonas Gahr Støre. I år er det han som har fått det ærefulle oppdraget med å opna årets Dyrsku’n og slå dei velkjende tre slaga i bjølla.
Det tradisjonsrike tunet står sterkare enn nokon gong. Bli med tilbake i tid, samtidig som vi ser på korleis det gode, gamle kan få plass også i framtida.
Dufta av nysteikte potetlomper vil breie seg over Dyrsku'n når Bygdekvinnelaget nok ein gong inviterer til fest. I tillegg inviterer dei til ein konkurranse som kan sende deg til NM – i potetskrelling.
Lurar du på korleis det er å sitja på ein hest i godt driv, eller draumar du om å prøva deg som kusk? Då bør du nytta høvet til å testa travsimulatoren med det velklingande namnet Monté Python.
I eit raudmåla, låveliknande hus midt på Dyrskuplassen, finn du Husdyrhallen. Der kan du sjå levande husdyr og oppleva mjølking, saueklypping og sæduttak av okse. Kom innom og lær meir om nåtidas og framtidas landbruk.
– Møt Landbruket-teltet har blitt ein viktig møteplass under Dyrsku’n. Det seier Jan Thorsen i Telemark Bondelag, som saman med Nationen og Dyrsku’n er ansvarleg for Møt Landbruket – staden for politiske debattar, interessante samtalar og underhaldning.
«Kvinner i landbruket» har vorte eit fast innslag på Dyrsku'n. I år er det igjen mogleg å bli med på konferansen som har som mål å inspirere og engasjere. Ho gir deg også moglegheit til å utvide nettverket og lære noko nytt.
Foredraget «Korleis få svung på norsk frukt og grønt» ved Opplysningskontoret for frukt og grønt. Fredag kl. 11.00 i Møt landbruket.
Dei norske surmjølksostane vert løfta fram under årets Dyrsku. Ta del i spennande foredrag med smaking.
Bli med på ei reise inn i honningens verd under årets Dyrsku. På programmet står foredrag som publikum kan melde seg på.
Laurdag og sundag i Dalane skule blir det Juniorkokkekurs for ungdom i 8 - 10 trinn.