Marknadsliv og gode tilbud på Dyrsku'n

Dyrskuplassen

På Dyrskuplassen er det over 800 utstillarar fordelt på det 165 dekar store området. Her finn du ein oversikt over kva som er å finne på dei ulike felta som er markert med bokstavar på marknadsplassen.

Område A

På dette området som ligg mellom hovudgata «Gøto» og anleggsområdet (i-feltet), finn du lokalmat i mengdevis, sportstøy, lær, stillas, verktøy, ulltøy og mykje meir.

 

Område B/C

Landbruksområdet på Dyrsku’n har utstillarar som leverer produkt relatera til landbruket.

Vi har små og store utstillarar som viser fram det meste frå mjølkemaskiner og gjerdeapparat til dei største traktorane og det siste innan maskinteknologi. Utstillarane på landbruksområdet representerer store delar av Sør-Noreg.

 

Område D

Her finn ein både bakaromnar, spabad, hytter, Tupperware, metallskilt, lakris og mykje meir.

 

Område E

På dette området finn du bla. Statens vegvesen med informasjon og aktivitetar, utstillere innen landbruk, Norges Speiderforbund, samt vikingleiren Olavs menn og mykje meir.

 

Område J

Her finn du mellom anna bil, motor og utstyr, bobilforhandlere, campingutstillarar, maskiner og brukt og antikk.

 

Område G

Her finn du mellom anna smykker, ulltøy, klede, sport og friluft, spekemat, sjokolade.

 

Område H

Her finn du mellom anna husflid, sportstøy, klede, byggevarer, honning

 

Område i

Maskin og anlegg på Dyrsku’n

Med over 100 store og små aktørar blir anleggsutstillinga på om lag 25 dekar det største fagområdet på messa. Her møtast anleggsbransjen, dedikerte kjøparar og nysgjerrige besøkande. Messa har utstillarar som leverer ei stor breidde av produkt, og det vert omsett for opp mot hundre millionar i samband med arrangementet.