Ein stolt jubilant

Norsk Bufe er ein organisasjon som sidan 1984 har jobba aktivt for bevaring av gamle norske storferasar. Målet deira har vore å sikra livskraftige populasjonar og betre vilkåra for bønder som driv med desse rasane. I år fyller organisasjonen 40 år, og i samband med jubileet er dei utfordra til å vise fram fleire rasar enn normalt på utstillinga på Dyrsku’n.

04.09.2024
Telemarkfe. Fofot: Anna Holene, NIBIO/Norsk Genressurssenter

– Dei gamle storferasane er ein del av vår felles arv, og husdyrutstillingar er viktige for bevaringsarbeidet. No drøymer vi om å få vist alle dei seks bevaringsverdige rasane på utstillinga på Dyrsku’n. Det er viktig å få vist dei fram, slik at folk kan få sjå og læra litt om kva for nokre spesielle eigenskapar dei har, seier husdyransvarleg på Dyrsku’n Sigbjørn Haslemo.

Han fortel at seks norske storferasar har vore rekna som kritisk utryddingstrua, men at eit omhyggjeleg arbeid for å berga besetningar og enkeltdyr, og dessutan at fleire har fått auga opp for dei gode eigenskapane til desse dyra, har medført at alle rasane no blir rekna som levedyktige.

– Det er likevel viktig at bevaringsarbeidet fortset. Vi må ta vare på det som er sjølve grunnlaget for dagens moderne kyr. Vi veit heller ikkje kva gen vi vil ha bruk for i framtida. Noreg har også forplikta seg overfor EU til å ta vare på dei stadeigne rasane, både av storfe og av andre artar, fortel Haslemo.

I tillegg til å visa fram dei flotte dyra i utstillingsringen, skal Norsk Bufe ha stand inne i Husdyrhallen. Besøkjande er velkommen innom jubilanten for meir informasjon om bevaringsarbeidet.

Foto: Anna Holene, NIBIO/Norsk Genressurssenter.