Eit bygg for framtida

I det spildrande nye tilbygget mellom Hall A og Hall B skal unge eller nyetablerte handverkarar få høve til å vise fram arbeida sine og møte eit publikum som er interessert i husflid og tradisjonshandverk.

09.09.2024
Bygg hall A og B

Husflid, handverk og design har vore ein berebjelke på Dyrsku’n sidan den fyrste husflidstevlinga i 1962. Dette er ein tradisjon både Dyrsku’n og Norges Husflidslag ynskjer å halde i hevd, samtidig som dei vil medverke til nyskaping og rekruttering for å ta tradisjonane inn i framtida. No skal eit nytt tilbygg, som knyter Hall A og Hall B saman, gagne begge måla.

– Vi har prata mykje om moglegheita for å knyte dei to hallane saman på ein betre måte, og denne mellomgangen er eit fysisk tiltak for å få til akkurat det, seier Arild Larsen, leiar i næringsgruppa hos Norges Husflidslag.

Interesseorganisasjonen har hatt eit formelt samarbeid med Dyrsku’n i mange år. Dei har mellom anna det faglege ansvaret for den årlege tevlinga i Hall B og kvalitetssikrar bidraga der i lag med Vest-Telemark Museum. Dei to siste åra har dei òg kvalitetssikra salsutstillarane i Hall A, og no spelar dei ei viktig rolle i å fylle det nye bygget med framtidas handverkarar.

– Mange har ei oppfatning av husflid som litt støvete og gammaldags, men heldigvis er det ting som tyder på at dette er i endring. Vi ser mellom anna at fleire unge søkjer seg til ein karriere innan tradisjonshandverk, seier Larsen.

Han meiner eit auka søkjelys på klima er ei viktig årsak til denne endringa, noko som passar bra for å ta tilbake gamle tradisjonar.

– Det å bruke lokale råvarer og materiale ligg i naturen til husfliden. Ting er laga for å vare og har gjerne ei tidlaus utforming. Mellombygget er ein fin arena for å vise fram dette.

I tillegg blir bygget ein stad for å vise fram unge eller nyetablerte handverkarar. Medan dei meir etablerte utøvarane deltek på tevlinga eller utstillinga i Hall B eller sel produkta sine i Hall A, har det fram til no ikkje vore ein eigen stad for dei som ikkje har ein etablert produksjon eller eit varelager å selje.

– Vi vil gje dei høve til å treffe eit interessert publikum – og vice versa. Vi veit at mange kjem på Dyrsku’n for å sjå husflid og tradisjonshandverk, og vi vil at dei skal kunne få med seg mest mogleg.

Larsen fortel at utdanningsinstitusjonane skal stå i mellombygget i år, men at det på sikt er eit mål å fylle heile hallen med unge eller nyetablerte handverkarar.

Prosjektleiar i Dyrsku’n, Marit Mæland, seier tilbygget er eit fint tilskot til Dyrskuplassen, og at det mellom anna skal nyttast som møterom gjennom heile året.

– Bygget er nok ei stadfesting på at Dyrsku’n satsar på husflid og handverk og arbeider for å syte for tradisjonane, samtidig som vi vil ta dei med vidare inn i framtida. Det er noko vi jobbar med heile tida.

Tekst: Aina Kristiansen