FAQ for utstillarar på Dyrsku'n

FAQ for utstillar

Her finn du som utstillar svar på dei mest stilte spørsmåla vi får frå utstillarar på Dyrsku’n.

Når er datoen for Dyrsku’n 2025?

  • Dyrsku’n blir arrangera 12.-14. september 2025

Kan eg avbestille tildelt standplass?

  • Avbestillingar sendast skriftleg til utstillar@dyrskun.no innan 23. juni 2025. Ved avbestilling etter denne datoen må standleige likevel betalast i sin heilskap.
  • Unntak er ved framvist legeerklæring, som sendast uoppmoda til utstillar@dyrskun.no. Arrangør vil i slike tilfelle refundere innbetalt standleige.

Får vi att påmeldingsavgifta vi har betalt for ved avbestilling eller ikkje tildelt standplass?

  • Nei, påmeldingsavgifta er eit obligatorisk gebyr som ikkje blir tilbakebetalt. Dette gjeld òg dersom du trekk søknaden din.

Når blir faktura for standleiga sendt ut? 

  • Faktura for standleige blir sendt ut medio mai med ordinær 14 dagars betalingsfrist. Utstillar vil ikkje få tilgang til tildelt standplass før standleiga er betalt i sin heilskap.

Søknaden min står på venteliste?

  • Søknaden din står førebels på venteliste, men vi har fortløpande inntak frå denne inntil 1 veke før arrangementsstart. Gje oss skriftleg beskjed dersom du ikkje lenger ynskjer å stå på venteliste.

Eg har fått tildela standplass, men kva er nøyaktige mål på standplassen?

  • Send mail til utstillar@dyrskun.no, så sender vi deg mål eller utsnitt av standplassen din.

Når er søknadsfristen for Dyrsku’n 2025?

  • Søknadsfristen er 1. februar. Søknadsskjemaet er førebels ikkje opna for Dyrsku’n 2026.

Kva er datoen for Dyrsku’n 2026?

  • Datoen for Dyrsku’n 2026 er 11.-13. september. Hugs at Dyrsku’n startar alltid 2. fredagen i september.