Geitmyra Matkultursenter kjem til Dyrsku’n for å ha matskule for barn i gamle Dalane skule, som nå er ein del av Matkvartalet. Geitmyra Matkultursener har lang å brei erfaring med å skape matgelde hos barn og unge. Vi er glad for å få dei med på Dyrsku’n og for støtta vi har fått frå Telemark Fylkeskommune til prosjektet.
På Dyrsku’n kan barn i aldrar lære om korleis planter blir til, bli bedre kjent med ulike planter og lage ein grønnsaksrett.
Meir om aktivitetane:
- Eta og lære om plantedelar
Her skal barn lære om ulike plantedelar og smake seg gjennom grønsaker fra rot til blom og frø. Barna går inn i den grøne portalen der dei møter eit mangfald av frukt og grønt, og får ta på, føle, sjå og lukte. Barna plukkar sin eigen “bukett” av gode smaksprøver undervegs
- Frøbombe
Lage frøbomber med blomstrande frø med pollen og nektar som humler, bier og andre insekt treng for å overleve. I frøbombene blandar vi like delar med leire og jord, tilsett litt vatn for å få den fuktig. Deretter formar vi små “golfballar” og rullar dei i bærblandinga og knar den, slik at frøa sit godt fast. Bie-blanding lager dei sjølv ved å blande frø som biene er glad i, for eksempel bogkveite, kornblom, ringblom, agurkurt, dill, koriander og honningurt. Frøbombene blir tatt med heim, tørka og lagra gjennom vinteren. Til våren finn dei ein plass der dei vil ha fine blomar, og kastar frøbomba ut på plassen.
- Test og finn din favorittgrønsak
Det er mange ulike grønsaker ein kan ete, og ein fantastisk måte å tilføre nye smaker til barn og unge.