Guida turar

I år kan vi tilby to opplevingsreiser der vi går Tett på Osten og Tett på Husdyra. Vi arrangerer derfor guida opplevingsreiser rundt om på ulike arenaer på Dyrsku’n.

20.08.2024
Guida tur på Dyrskun

Dyrsku’n er mangfaldig og har stor breidde, samtidig går vi tett på ulike tema, når det gjeld mat og landbruk.

Opplevingsreisene startar i Husdyrhallen (2. etg.).

Opplevingsreise Tett på osten

Bli med på ei spennande reise med mange gode smakar av norsk ost frå Sterke Nils-tunet til Matkvartalet på Dyrsku’n.

Her får du møte kua som gjev grunnlaget for ostane, du får møte budeia som ystar, lære og smake på dei gamle norske urostane.

I Lokalmat-teltet kan du møte mange av våre beste osteprodusentar som byr på eit spennande mangfald av norsk ost.

Påmelding Opplevingsreise Tett på Osten

Tid: fredag og sundag kl. 10:30
Stad: Husdyrhallen 2 etg.
Pris: kr 395,-
Maks deltakarar: 16 stk
Påmelding til guida tur

Opplevingsreise Tett på husdyra

Bli med på trivelege møte med dei mange husdyra på Dyrsku’n.

I Fjoset er det dyreutstillingar av ku, geit og hest. I Sterke Nils-tunet møter ein husdyra i eit gamalt gardstun og miljø. I Husdyrhallen møter ein husdyr og husdyrorganisasjonar som informerer om dagens husdyrhald og husdyr. Ein får også møte fleire rasar av våre kjøttfe.

På runden møter ein bønder og fagfolk som formidlar kunnskap om dyra og dyrehald.

Påmelding Opplevingsreise Tett på husdyra

Tid: laurdag kl. 13:30
Stad: Husdyrhallen 2 etg.
Pris: kr 250,-
Maks deltakarar: 16 stk
Påmelding til guida tur