I 2022 viste Odd Herakles seg frem på Dyrsku’n sammen med Josefine Eilertsen. Foto: Hesteguiden.com

Hesteutstillinga på Dyrsku’n

Hesteutstillinga på Dyrsku’n er ei av dei største utstillingane i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Vi inviterer hesteeigarar til å mønstre hest på årets Dyrsku, og spesielt ynskjer vi velkommen til dei særnorske rasane. Velkommen som hesteutstillar på Dyrsku’n!

I samarbeid med Telemark Travforbund, Telemark Hesteeierforening og Norsk Hestesenter på Starum  har vi gleda av å invitere til hesteutstilling for alle rasar (utanom Islandshest og norsk varmblods ridehest):

Hoppeutstilling 3 år og eldre: laurdag 14. september

Unghestutstilling 1 og 2 år: sundag 15. september

Innmelding til utstilling for hopper, vallaker og unghestar finn du på Norsk Hestesenter si innmeldingsside.

Hoppeutstillinga og unghestutstillinga har stor pågang, vi må derfor setje eit tak på 80 hestar på hoppeutstillinga og 50 hestar på unghestutstillinga. Det vil seie at dei fyrste 80/50 som blir påmelde kjem med på utstillinga, du må difor vere tidleg ute med påmeldinga om du ynskjer plass.

Hoppeutstillinga på Dyrsku’n er ei flott hesteutstilling som har samla mange av dei beste travhestane i landet, og interessa for utstillinga for kaldblodstraverar har vore stor. For å styrke mangfaldet av andre rasar og særskild dei særnorske hesterasane, vil vi derfor spesielt invitere og oppmode hesteeigarar av desse til å stille på årets utstilling. Her vil de få vurdert og premiert hestane samstundes som de får satt fokus på hesterasen til eit stor publikum. Det er viktig for Dyrsku’n og hestenæringa å vise mangfaldet av hesterasar.

Utstillinga held til i hjartet av messeområdet og gjev eit unikt høve til å oppleve Noregs største mat- og landbruksmesse med gode opplevingar innan mat, landbruk, husflid, handverk, handel og kultur.

 

Premiar på hesteutstillinga

Hesteutstillinga på Dyrsku’n er ein av få utstillingar i landet som har flotte pengepremiar til klassevinnarane.

Du kan lese meir om premiering her.

Påmeldingsfrist er 18. august 2024

 

Påmeldingsavgift:

Hoppeutstillinga laurdag kr. 850,-

Unghestutstillinga for 1- og 2-åringar sundag kr. 680,-

Påmelding og innbetaling gjerast til Norsk Hestesenter.

 

Meir informasjon:

Finn påmeldingsskjema til hesteutstillinga på Dyrsku’n her

Finn eigenerklæringsskjema for hesteutstillinga her 

Les reglement frå Norsk Hestesenter her

 

Har du andre spørsmål kring utstillinga?

Kontakt Ine Dahl – forbundssekretær i Telemark Travforbund

ine.dahl@travsport.no

Tlf. 450 07 063

 

Bilde: I 2022 viste Odd Herakles seg fram på *Dyrsku’n saman med Josefine Eilertsen. Foto: Hesteguiden.com