Honningtimen – honningens forunderlege verd – frå blom til bord
Dagleg kl. 13.00 i Tett På liten
Foredrag – Honningbia si forunderlege verd, ved Bjarte Tennfjord
Få innblikk i honningbia si forunderlege verd og få djupare forståing for biene si uunnverlege rolle i norsk matproduksjon.
Bjarte Tennfjord frå Norges Birøkterlag deler av sin kunnskap og lidenskap for honning, bier og birøkt.
Smaking av sortshonning, ved Cecilie Stensrud, Bybi
Kom og opplev eit heilt unikt smaksunivers skapt av norske bier. Sortshonning vil garantert utvide di forståing av kva norsk honning er og kva den kan brukast til.
Cecilie Stensrud frå Bybi er honningsensorikar, sertifisert birøktar og er glødande opptatt av birøkt på pollinatorane sine premissar. Ho er glødande opptatt av å bruke og respektere naturens ressursar og meiner at honning er ein vegvisar inn i naturens komplekse verd.
Påmelding Foredrag med honning
Stad: TettPå liten
Pris: kr 195,-
Maks deltakarar: 25 stk
Påmelding til foredrag
Foredrag og smaking av honning og ost
Fredag og laurdag kl. 19.00 i Tett På liten
Norsk sortshonning møter norsk ost
Norsk ost har gått sin sigersgang verda rundt, og no kan du få smake nokon av dei beste norske ostane saman med norsk sortshonning, som vil gje deg ei unik oppleving av smakskombinasjonar.
Bernt Bucher Johannessen har jobba med norsk lokalmat og særleg norsk ost i mange år. Han står bak Oste-VM i Noreg og har gjeve ut boka Osteglad – Et smakseventyr. Han er til dagleg sjef i næringsorganisasjonen HANEN – for gardsmat og bygdeturisme i Noreg.
Påmelding Foredrag med honning
Stad: TettPå liten
Pris: kr 195,-
Maks deltakarar: 25 stk
Påmelding til foredrag