
Påmelding Husflidstevlinga
Vil du delta i tevlanga?
Hugs påmeldings- og innleveringsfrist seinast 15. august 2025
Påmeldingsskjema husflidtevlinga 2025
Husflidsutstillinga - tevling i handverk og design

Bli utstillar i Hall A på Dyrsku’n 2025
Er du ein dyktig husflidshandverkar og ønsker selja produktet ditt på eit av Norges største arrangement? Då er Dyrsku'n 12. – 14. september den perfekte arenaen for deg!

Rettleiing til påmelding husflidstevlinga
Her finn du rettleiing og reglement for Husflidstevlinga på Dyrsku'n.

Kategoriar husflidstevlinga
Ynskjer du å få bedømt produktet ditt av ein fagjury? Sjå kategorier for husflidstevlinga her.

Korleis føregår husflidstevlinga
Tevlinga vert arrangert om lag tre veker før marknadsdagane, og handverkarar og designarar frå heile landet kan melde seg på i ynskja kategori og klasse, uavhengig av om dei er amatørar eller profesjonelle. Vi har og eigne klasser for dei som er i ein studie- eller læresituasjon.

Arenaoversikt husflid, handverk & design
Bli betre kjent med husflid, handverk & design på Dyrskuplassen, og kva for område du finn aktivitetar og utstillarar.

Prisar og diplom for godt handverk
Norges Husflidslag deler til saman ut tre diplom for godt handverk under årets Dyrsku. Her er vinnarane av diplom for godt handverk, Nyskapingsprisen og Stimuleringsprisen.

Premieliste
Premieliste for Husflid, handverk og design på Dyrsku´n 2024. Produkta kan du sjå utstilt i Hall B under arrangementet.

Kriteria for husflidsutstillar
Vi har fokus på kvalitet på produkta som blir seld i hall A. Kva for kriteria er det utstillarane må oppfylle for å få tildelt standplass i husflids- og handverkshallen?

Husflidsutstillinga på Dyrsku’n
Saman med Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum arrangerer vi landets største tevling i husflid, handverk og design. Arbeida frå tevlinga blir til i utstilling i Hall B under Dyrsku'n.

Yrande liv og kupp på kniv og klokker
Kniv- og klokketorget har vore ein del av Dyrsku’n sidan slutten av 1800-talet. Slik blir det sjølvsagt også i år, og no tek arrangørane grep for å verna om sjølve kjerna av torget.

Heidersprisen går til eldsjela Sveinung Danielsen
Årets heiderspris 2024 går til ein framifrå inspirator både i sitt nærmiljø og utad. Han har ein sterk fagleg tyngde, lang erfaring og er svært sterk på formidling i fylgje dei som både kjenner han.

Eit bygg for framtida
I det splintrande nye tilbygget mellom Hall A og Hall B, som stod ferdig til Dyrsku'n i 2024, skal unge eller nyetablerte handverkarar få høve til å vise fram arbeida sine og møte eit publikum som er interessert i husflid og tradisjonshandverk.
Kontakt husflid på Dyrsku’n
Har du spørsmål til oss, eller vil du følge oss på sosiale media?
Er det påmeldingsavgift for å delta på husflidstevlinga på Dyrsku’n?
Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 370,- som blir fakturert utøvar etter påmelding til husflidstevlinga.
Her finn du rettleiing og reglement for husflidsutstillinga på Dyrsku’n.
Er påmeldt arbeid til husflidstevlinga forsikra gjennom Dyrsku’n?
Nei, dei påmeldte arbeida er IKKJE forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS. Dersom du ynskjer å forsikre arbeidet ditt, må dette gjerast privat. Postgangen er forsikra gjennom Posten.
Her finn du meir informasjon om husflidstevlinga på Dyrsku’n.
Kva for kategoriar kan eg melde meg på i husflidstevlinga på Dyrsku’n?
Kvar kategori er dela inn i ulike klasser med rom for dei fleste utøvarar. Stikkord for innleverte arbeid kan vere: Tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.
Kvifor delta på husflidstevlinga på Dyrsku’n?
– Marknadsføring og synleggjering for eit stort og interessert publikum
– Moglegheit for å knytte viktige kontaktar
– Verdifull erfaring med å stille ut og ha kontakt med publikum
– Moglegheit til å bruke Dyrsku’n som sals-arena
– Ekstern, objektiv og fagleg tilbakemelding
– Heve kvaliteten på arbeidet ved hjelp av tilbakemeldingar
– Premie og diplom for 1. plass med moglegheit til å vinne spesielle prisar
– Verdifull post på CV’n
– Sette fokus på husflid, handverk og design
– Oppretthalde og utvikle tradisjon
Lyst til å delta i tevlinga?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.