Hyttemessen på Dyrsku’n

På årets Dyrsku’n blir det ei variert og innhaldsrik hyttemesse. Hyttemessen AS, kjem med heile 21 utstillarar til Ridehallen i Seljord.

20.08.2024

Dyrsku’n har gjennom sin meir enn 150-årige historie hatt landbruk og matproduksjon som kjerneverksemd. Repertoaret er gjennom åra blitt utvida med innslag frå stadig fleire sektorar.
I dag er Dyrsku’n viden kjent som ein tre dagar lang folkefest med tilreisande frå heile Noreg med 90.000 besøkande.

– Dyrsku’n er rotfesta i norske tradisjonar. Hyttelivet har jo og sine røter djupt planta i norsk kultur. Gjennom generasjonar har hyttebygginga bidratt til at norske handverkstradisjonar er blitt vidareført. Mange bygdesamfunn kan truleg takke hyttenæringa for stabilitet og sysselsetting, seier Per Levik.

Vi er særs tilfredse med å ha med Hyttemessen også i år. Hyttemessen er eit særs godt konsept som er ein spennande del av handelsmessa og folkefesten Dyrsku’n, seier administrerande direktør i Dyrsku’n Geir Helge Espedalen.

Det er stor variasjon i årets utstillarar, og her finn du alt frå spesialiserte hytteutbyggar, sanitæranlegg, vann forsyning, parkering og bomløysningar, samt eit utval av interiør.

Årets hytteutstillarar i Ridehallen

  • Jets Vacuum AS
  • PassPay by NorTronic
  • Tinde Hytter
  • Eiken Hytter AS
  • Enwa Pahlen Svømmebasseng og Spa
  • Sikom Connect AS
  • Eikås Hytter og Hus AS
  • Buen Hytter
  • Norsk Pumpeservice a.s
  • Glassfiberstamp.no
  • Bergene Holm AS
  • Hyttebutikken/Cinderella
  • UAB MWC HOUSE (MWC Hytter Bygg NUF)
  • UAB MEDINIAI BALDAI (MBA Møbler)
  • Livd
  • Panasonic varmepumper/Ventistål
  • EMILS Hyttebygg as/Sunwind
  • Novasolo
  • Madsen Design AS
  • Drivved.no
  • Amalie Ree

Her finn du oversikt over alle utstillarar på årets Dyrsku’n.