På Dyrsku’n har vi fleire moglegheiter til standplass for utstillarar innandørs. Vi kan tilby innestand i Lokalmat-teltet og Hall A. I Lokalmat-teltet er det berre lokalmat-produsentar som får plass og i Hall A er det utstillarar innan handverk og husflid som får plass.
Om Hall A
I Hall A er det skiljeveggar av enkelt rammeverk (2,5 m høge), og utstillarane må kle desse sjølve. Det er ikkje tillate å setje opp faste installasjonar eller spikre i desse veggane.
- I Hall A vil utstillarar innan handverk og husflid bli prioritera. Hallen er inndelt i modular på 6 – 8 kvm. Skiljeveggane er opne, og kan dekkast til med stoff o.l.
Om Lokalmat-teltet
På Matlyst Dyrsku’n kan utstillarar innan lokalmat kan få plass i vårt Lokalmat-telt, eller utandørs på eit samla område. Les meir om Matlyst her.