Rosemaling

Kategoriar husflidstevlinga

Ynskjer du å få bedømt produktet ditt av ein fagjury? Sjå kategorier for husflidstevlinga her.

Fyll inn påmelding til Husflidsutstillinga – tevling i handverk & design innan 15. august 2025

I år vert det opna for kategorien Rosemåling i Nasjonal tevling i husflid, handverk og design

Det er gjort om på reglane slik at det kan leverast inn gjenstandar frå minimum 3 deltakarar for å halde ei kategori ope for tevling. Dette gjeld alle kategoriar.

Nytt i år er at det derfor for fyrste gong vert mogleg å delta i 7 kategoriar!

Me gleder kon til å sjå alt det flotte handverket som kjem inn til årets Dyrsku’n!

Kategoriar husflidstevlinga

Verdt å merke seg

  • Rekruttklassene er for elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon.
  • I kategorien for tekstil er det lagt til ei ny klasse som heiter tradisjonstekstil. Denne klassa er for t.d. bunader, flate tekstilar, kopiar av museumsgjenstandar og andre tradisjonelle tekstilar. I denne klassa må dokumentasjon leverast.
  • Det er og oppretta ei open klasse i alle kategoriar. Denne klassa er for dei produkta som ikkje passar inn i dei andre klassene.
  • I kategorien smiing skal det sendast inn knivblad til knekking.

TRE

Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Undergrupper: Treskjering, dreiing, møbel, andre teknikkar (lagging, sveiping, neverarbeid, el.l.)

 

TEKSTIL

Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, tradisjonstekstil, open klasse

Undergrupper: Maskearbeid, toving, brodering, vev, saum, bunad, eksperimentell form

 

SYLV

Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Undergrupper: Filigransarbeid, gravering, smiing/korpus, smykke, eksperimentell form

 

KERAMIKK

Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Undergrupper: Dreiing, pølseteknikk, plateteknikk, relieff, brukskunst, skulpturar

 

SMIING

Klasser: Rekrutt, eggverktøy/verktøy, open klasse

Undergrupper: Verktøy, eggverktøy, brukskunst, skulpturar, el.l.

 

KNIV

Klasser: Staskniv, brukskniv, påkosta brukskniv, open klasse

Ingen undergrupper

 

ROSEMÅLING

Klasser: Rekrutt, tradisjonell rosemåling, lasering/ dekormåling og open klasse