Kultur på Dyrsku'n sidan 1866

Kulturopplevingar på Dyrsku’n

Historiske Dyrsku’n har mykje å tilby for den kulturinteresserte, eller for dei som er opptatt av det tradisjonsrike landbruket i Noreg.

På Dyrskuplassen har det vore aktivitet sidan vikingtida, og store delar av plassen er undersøkt av arkeologar. Her har dei funne restar frå langhus og kokegroper, og framleis kan du sjå to gravhaugar bak Fjoset.

Men Dyrskuplassen er så mykje meir! Under Dyrsku’n er det årleg eit rikt kulturtilbod for ein kvar smak, gjer deg kjent med programmet for å planlegge besøket ditt før du kjem.

Kva med å sjå på tidsbilete, konsertar, vere gjest i bryllaup eller få ein omvising på plassen? Vi har mange gamle hus som alle har sine historier og kunnskapsrike guider til å fortelje dei.

Dyrsku'n sidan 1866
Planlegg besøket ditt før du kjem

Bli kjent med det rikhaldige programmet på Dyrsku'n

Spørsmål og svar for aktivitetar

Dyrsku’n er ei oppleving for heile familien, og dyra er til glede for både vaksne og born.

På Dyrsku’n kan du velje og vrake i aktivitetar!

Les om dei ulike aktivitetane her.

 

 

Åpne på egen side

Det er atter duka for folkefest på Dyrskuplassen i Seljord når 800 utstillarar og over 90.000 besøkande er venta! Planlegg besøket ditt på førehand.

Bli godt kjent med det rikhaldige programmet her og planlegg kva du vil få med deg.

Åpne på egen side
Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Møteplass til alle tider

Dyrskuplassen har tiltrekt seg folk i tusenar av år. Det syner arkeologiske utgravingar som er gjort på plassen. Til våren er det planlagt nye utgravingar.

Kultur på Dyrsku'n sidan 1866

Knut Buen ein uvanleg allsidig folkekunstnar

For å teikne eit bilete av alt han driv med, treng ein eit heilt lass med titlar: folkemusikar og komponist, rosemålar og historieforteljar, folkeminnesamlar og kultur­formidlar, gardbrukar og forretningsmann.

Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde
Korleis finne fram?

Sjå arenaoversikten for Dyrsku'n

Dyrsku'n i 1916

Historia om Dyrsku'n sidan 1866