Kundeservice
Søk i ofte stilte sporsmal eller finn kontaktinformasjon.
For gjester
Overnatting for gjester
Trenger du overnatting på Dyrsku’n?
Til Dyrsku’n kjem tusenvis av tilreisande publikum og utstillarar. Sjå vår rikhaldige oversikt over ledig overnatting i og rundt Seljord.
Det er ledig kapasitet i området kring Seljord! Her finn du oversikt over både private boliger og etablera overnattingsbedrifter som kan tilby overnatting.
Parkering
Er det HC-parkering på Dyrsku’n?
Vi har HC-parkeringsplassar nærmast inngangen for gjester med forflyttingshemminger.
Vi ber gjester kun benytte disse plassane dersom det er behov for det.
Parkeringstillatelsen legges godt synlig i vindusruta.
Kor finn eg kart med oversikt over parkering og camping?
Trøbbel med å finne fram?
Kan eg lade el-bil på Dyrskuplassen?
Vi har dessverre ikkje nokon ladestasjoner på Dyrskuplassen. men det er fleire ladestasjonar i sentrum av Seljord.
Det er bl.a ladestasjon på Circle-K Seljord, Sjøormen Kro og Telesenteret.
Kva kostar parkering på Dyrsku’n?
Pris kr. 100,- pr. bil og dag i nærområdene til Dyrskuplassen, dette kan avvike noe.
Meir informasjon om parkering og camping på Dyrsku’n finner du her
Last ned kart med oversikt over parkering og camping for Dyrsku’n
Kor kan eg parkere på Dyrsku’n?
Til Dyrsku’n kjem mange med bil, men fortvil ikkje! Det er fullt av parkeringsmoglegheiter rundt Dyrskuplassen.
Pris kr. 100,- pr. bil og dag i nærområdene til Dyrskuplassen, dette kan avvike noe.
Vi anbefaler å følge råda frå parkeringsvakter og politi for sist oppdatert informasjon.
Dei aller næraste jorda blir fylt opp i løpet av formiddagen, men nokre tips får du her; Kjem du frå Skien/Bø så køyr vestsida av Seljordsvatnet (Garvikstrondi). Då kan du parkere der vegen møter E134, der er det bare 400 meter å gå til Tivoliporten. Då slepp du også å køyre i kø gjennom Seljord sentrum når du skal heim igjen, og du kjem deg raskt både til aust og vest.
Eit anna råd ved tett trafikk er å køyre vestover på E134 og ta inn mot Dyrskuplassen i Nordbygdi, der er det som regel ikkje like mykje trafikk. Når den næraste parkeringa er fylt opp, sett vi opp shuttlebussar til parkeringsplassane som ligg lengst vekk frå Dyrskuplassen.
Sjå her for kart med oversikt over parkering og camping
Transport
Korleis komme seg til Dyrsku’n med tog?
Dyrsku’n ligg på Dyrskuplassen i Seljord. Den vakre bygda ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Finn raskaste veg til Dyrskuplassen.
Tog:
Det går tog til Bø i Telemark frå Oslo, Kristiansand og Stavanger. Derfrå er det godt bussamband vidare til Seljord. Sjå Vy sin ruteplanleggar.
Avstander frå Seljord:
Oslo 180 km
Bergen 300 km
Kristiansand S 195 km
Trondheim 640 km
Korleis komme seg til Dyrsku’n med buss?
Seljord ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Her finn du raskaste veg til Dyrskuplassen.
Buss:
Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med bussekspress og god kommunikasjon med sentrale plassar som Oslo, Bergen og Torp. Sjå Nor-Way Bussekspress og Telemark Bilruter.
Avstander frå Seljord:
Oslo 180 km
Bergen 300 km
Kristiansand S 195 km
Trondheim 640 km
I Seljord går det også shuttlebuss til og frå Dyrskuplassen.
Korleis komme seg til Dyrsku’n med bil?
Dyrsku’n ligg på Dyrskuplassen i Seljord. Den vakre bygda ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Her finn du raskaste veg til Dyrskuplassen.
Bil:
Dyrskuplassen ligg rett ved E134 som går frå Oslo til Haugesund. Under Dyrsku’n er det stor trafikk inn mot Seljord, så du må pårekne litt ventetid i bilen. Har du moglegheit, kan du komme hit med buss og/eller tog. Lytt til Dyrskuradioen på 104,1 + DAB for oppdatert trafikkinformasjon.
Seljord ligger rett ved E134 som går fra Oslo til Haugesund/Bergen.
Avstander frå Seljord:
Oslo 180 km
Bergen 300 km
Kristiansand S 195 km
Trondheim 640 km
Korleis kommer man seg til Dyrskun?
Dyrsku’n ligg på Dyrskuplassen i Seljord. Den vakre bygda ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand.