Kundeservice
Søk i ofte stilte sporsmal eller finn kontaktinformasjon.
For utstillar
Kundesenter
Noko du ikkje finn svar på?
Kontakt oss gjerne på utstillar@dyrskun.no
Når er tildeling av standplassar klart?
Tildeling av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut 1. februar. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, truleg i slutten av mars.
Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig.
Ytterligere informasjon om tildeling av standplass finn du her.
Når er søknadsfristen for standplass på Dyrsku’n?
Søknadsfristen for standplass på Dyrsku’n er 1. februar.
Klikk her for å gå til Dyrsku’n sitt kundesenter for utstillarar.
Overnatting for utstillar
Trenger du overnatting på Dyrsku’n?
Til Dyrsku’n kjem tusenvis av tilreisande publikum og utstillarar. Sjå vår rikhaldige oversikt over ledig overnatting i og rundt Seljord.
Det er ledig kapasitet i området kring Seljord! Her finn du oversikt over både private boliger og etablera overnattingsbedrifter som kan tilby overnatting.
Planlegg deltakinga di på Dyrsku'n
Kva er dagskort utstillar?
Dersom du har ein tilsett som skal jobbe kun ein dag på Dyrsku’n, kan du kjøpe dagskort som bytast inn i eit band som er gjeldande valfri dag.
Er det utstillarkantine på Dyrsku’n?
På Dyrsku’n har vi tilrettelagt for at utstillarane skal få seg eit pusterom og litt næring i kroppen.
Utstillarkantina finn du på Storstogo, i samme lokale som utstillarkontoret. Her kjem du berre inn med id-band som adgangsbevis (kundekort gjeld dessverre ikkje). Vi serverer berre heimelaga mat med norske råvarer.
Kor finn eg kart over Dyrskuplassen?
Med heile 170 mål kan det vere ein utfordring å orientere seg på Dyrskuplassen.
Bli kjent med dei ulike områda på Dyrskuplassen før du kjem til Dyrsku’n her!
Korleis kommer man seg til Dyrskun?
Dyrsku’n ligg på Dyrskuplassen i Seljord. Den vakre bygda ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand.