Vi inviterer til storfeutstilling, kalvemønstring og kumønstring for ungdom. Husdyrutstillinga og Telemarkskua er framleis ryggraden i Dyrsku’n, og Fjoset med husdyr, dømming og mønstring er hovudarenaen på Dyrskuplassen.
Utstillinga tek til kl. 09.15
Transport inne på Fjoset er ikkje lov, og all av- og pålessing skal skje ved Husdyrhallen.
Det er mogleg å kome med dyr dagen før utstillinga.
Utfyllande informasjon om utstillinga finn du her.
Nærare orientering om utstillinga kjem i brev frå utstillingsansvarleg rett før Dyrsku’n. Spørsmål kan rettast til utstillingsansvarleg Sigbjørn Haslemo, mobil 91619850 eller e-post s-haslem@online.no.