Kundeservice
Søk i ofte stilte sporsmal eller finn kontaktinformasjon.
Planlegg besøket på Dyrsku'n
Kor finn eg utstillarlista på Dyrsku’n?
Her kan du bli betre kjent med våre utstillarar filtrere etter interessa di og lese om de forskjellige utstillarane.
Er det amme- og stellerom på Dyrsku’n?
Dyrsku’n vil ta godt vare på dei minste gjestene våre, og har lagt til rette for dette på Dyrskuplassen.
Stellerom finn du på dei største toalettbygga, ammerom finn du i 2. etasje på Husdyrhallen.
Gjer deg godt kjent med kartet før du kjem, så slepp du å leite når behovet melder seg.
Har Dyrsku’n eigen app?
Vi lanserer i år en ny løysning for våre besøkande. Her kan du enkelt navigere deg rundt på området, få oversikt over program, og AI-assistenten vår hjelper deg med det meste.
Er det lov å ha med hund på Dyrsku’n?
Vi er glad i dyr, men då vi ventar mykje folk og trengsel, anbefaler vi at publikum lar hundar og andre kjæledyr bli heime under Dyrsku’n.
Sjølv om hunden din er vant med dyr, er dyra som er til stades på Dyrsku’n ikkje vant med din hund og om ein okse på over 1 tonn blir redd for hunden din og bryt seg laus, kan det få katastrofale fylgjer.
I nokre område vil det bli adgang forbode for hundar, t.d. i område der det er utstillingsdyr og der det er matsal innandørs. Hund og eigar vil bli synt vekk frå desse plassane dersom oppmodinga ikkje blir etterkome.
Kor finn eg kart over Dyrskuplassen?
Med heile 170 mål kan det vere ein utfordring å orientere seg på Dyrskuplassen.
Bli kjent med dei ulike områda på Dyrskuplassen før du kjem til Dyrsku’n her!
Kor finn eg ein oversikt over utstillarane på Dyrsku’n?
På leit etter årets utstillarar?
Her kan du søke blant utstillarane på Dyrsku’n – på namn, standnummer eller produkt.
Trenger du overnatting på Dyrsku’n?
Til Dyrsku’n kjem tusenvis av tilreisande publikum og utstillarar. Sjå vår rikhaldige oversikt over ledig overnatting i og rundt Seljord.
Det er ledig kapasitet i området kring Seljord! Her finn du oversikt over både private boliger og etablera overnattingsbedrifter som kan tilby overnatting.
Kor kan man parkere?
Til Dyrsku’n kjem mange med bil, men fortvil ikkje! Det er fullt av parkeringsmoglegheiter rundt Dyrskuplassen.
Her finner du meir informasjon om parkeringsmoglegheiter rundt Dyrskuplassen
Korleis kommer man seg til Dyrskun?
Dyrsku’n ligg på Dyrskuplassen i Seljord. Den vakre bygda ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand.