Den mangfaldige messa med dei lange tradisjonane er staden for mange unike og fruktbare møte mellom tradisjon og nyskaping, gründerar og etablerte firma, og mellom by og land. I dessa møta skapast kunnskap og stoltheit om norske tradisjonar og norsk bygdekultur, så vel som nyskaping og gründerverksemd.
Handel, kultur, handverk, mat- og landbruk er sentralt på Dyrsku’n.
I over 150 år har folk valfarta frå heile landet til den tradisjonsrike Fesjåplassen i Seljord for å kjenne den særeigne stemninga og oppleve kulturberaren og folkefesten Dyrsku’n. Her finn ein utstilling og dømming av dyr, kulturprogram med lokale og nasjonale aktørar, husflids- og handverksutstillingar, historisk framvising av landbruket, samstundes som innovasjonen også står sentralt under arrangementet.
Kring 1500 elevar og studentar besøker årleg messa for å ta del i eit skreddarsydd program for deira fagretning. Elevane/studentane vert invitert til appell med landbruksminister, guida turar på utstillingar innan norsk husflid og handverk og til deltaking på ulike debattar og foredrag.
Den store husflids- og handverkstevlinga, som er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Dyrsku’n, er svært prestisjetung og bidrar sterkt til både framsyning av gamle tradisjonar, rekruttering og stimulering til nyskaping i bransjen. Det blir årleg dela ut stimuleringsprisar og rekruttprisar, i tillegg til premiering innanfor ein rekke kategoriar både i tradisjonelt og innovativt handverk.
Handverk blir synt fram på fleire arenaer på plassen. Det er demonstrasjonar som smiing, hovslaging, tømring, tjærebrenning og bunadstilverking, i tillegg til eigen salshall for norske husflidshandverkerar.
Det er også lange tradisjonar for eiget «Kniv- og klokketorg» på plassen. Her har handverkarar og marknadsgjester møttest til ein god handel og ein god historie i fleire tiår. Kniv- og klokketorget er ei kulturoppleving så vel som eit handelsområde.
Både kongelege og statsrådar har gjennom åra tatt del i det tradisjonsrike og høgtidelege opningsprogrammet på Dyrsku-fredagen. Her er det både lokale, regionale, og nasjonale kulturelle innslag, og debattar innan mat og landbruk. Eksempel på artistar som dei seinare åra har delteke på Dyrsku’n er lokale spelemannslag, barnekor og dansarringar, Sondre Justad, Are Kalvø, Odd og Aasmund Nordstoga, Ingebjørg Bratland, Tuva Syvertsen og Valkyrien Allstars, Northern Belle m.fl. Opningsprogrammet er populært blant våre gjester, og store og små artistar får synt seg fram for fleire tusen gjester. Ny kunnskap finn vegen til mange interesserte og kunnskapshungrige Dyrsku-gjester gjennom relevante og spennande politiske spørsmål i våre debattar.
Dyrsku’n i Seljord har ei viktig nasjonal betydning for både bransje og forbrukar. Organisasjonar, faglag, verkemiddelapparat og bransjen er til stades for å presentere nyheiter og skape relasjonar. Her presenterast det moderne husdyrbruket, innovasjonar innan landbruksteknikk, samt tradisjonell viten og virke innan dei fleste delar av norsk landbrukskultur. Ein stor del av messeområdet er tileigna lokalmatprodusentar som i løpet av få dagar når ut til tusenvis med sine produkt.
Ein stor del av dei besøkande kjem til messa for å søke informasjon og kunnskap, og det er eit stort fokus på dette på alle arenaer på messeområdet.
Som landbruksmesse har Dyrsku’n ein unik moglegheit for å syne forbrukaren heile vegen frå jord til bord, og eit viktig mål er å auke kunnskapen til dei besøkande om norsk landbruk- og matproduksjon. Vi har eigen arena for debatt og foredrag der målet er å nå ut med kunnskap og inspirasjon til både bransje og forbrukar.
Mat som ein viktig del av den norske kulturarven og attraksjonskrafta i reiselivet er også sentralt for Dyrsku’n si formidling, og vi jobbar tett saman med sentrale aktørar innan knytinga mat og reiseliv.
Prisen for Årets lokalmatgründer blir delt ut til ein aktør som har utmerka seg innan innovasjon og kommersialisering innan matproduksjon blir delt ut på Dyrsku’n. Meny og Hanen står bak denne prisen kor vinnaren får både prispengar og plass på Dyrsku’n påfølgande år.
I løpet av desse tre dyrsku-dagane vert det omsett varer frå 800 utstillarar for kr. 500,- mill. I tillegg er ettersalet stort og verdien av profileringa desse dagane av enorm betydning for dei mange både små og store utstillarane. Dyrsku’n er av særs stor betydning for dei mange gründerane som i løpet av få dagar får tilgang til eit stort publikum og skapar seg nettverk til god nytte for utvikling og vekst.
Lyst til å besøke oss? Du er hjarteleg velkommen – hugs at Dyrsku’n alltid startar 2. fredagen i september.