Årets Lokalmatgründer 2024

For tiande år på rad kårar MENY, Hanen og Dyrsku’n vinnaren av Årets lokalmatgründer. Vi gratulerer grønsaksgarden Bøtun Gard som Årets Lokalmatgründer!

 

06.09.2024
Du finn trygg, norsk, lokalprodusera mat laga med kjærleik på Dyrsku'n.

MENY og HANEN etablerte prisen som ønskjer å bidra til å løfte norsk lokalmatproduksjon. I utveljinga si har juryen fokusert på sjølve gründerskapet hos kandidatane. Sentrale forhold er lønnsemd, ringverknader, synlighet, nytenking og berekraft.

Juryen fortel at årets kåring er prega av mangfald, berekraft, kommersiell forståing og ungdommeleg pågangsmot. Blant dei over 30 nominerte er det både unge og etablerte gründerar.

Gratulerer til Årets Lokalmatgründer Bøtun Gard. Foto Hanen.

Gratulerer til Årets Lokalmatgründer Bøtun Gard. Foto Hanen.

Her er finalistane i år:

Honningprodusenten Heier du Rietz

Heier du Rietz produserer honning på garden Heier på Hadeland. Bikubene står både der og på toppen av kontorbygningar i Oslo og på Sølenfjellet i Rendalen. Liv Ragnhild og Alexander har full honningproduksjon med slynging, tapping og emballering på garden.
Med honningproduksjonen sin både urbant i Oslo, på eigen gard og høgt til fjells bidreg dei med å produsere ein unik honning og med pollinering som er viktig for heile resten av landbruket.

Heier du Rietz. Foto: Tun Byrå

Heier du Rietz. Foto: Tun Byrå

Spekeskinkeprodusenten Hommelstad gard

Hommelstad gard utanfor Hamar produserer Noregs beste spekeskinke, det sørgjer frittgåande og nøttespisande grisar for. Mathias og Karoline er sjølvsagt godt hjelpt av ein knallsterk kvalitetsprofil med eit tydeleg fokus på dyrevelferd. 95 av 100 poeng for Spesialitetsmerket bekreftar kvaliteten. Det å tora å utfordre svært tradisjonsrike skinkemerke som Iberico og Parma står det stor respekt av.

Hommelstad gard. Foto: Tun Byrå

Hommelstad gard. Foto: Tun Byrå

Grønsaksgarden Bøtun gard

I Luster ikkje langt frå Sogndal ligg grønsaksgarden Bøtun gard der Mathilde og Martin fokuserer på å selje ferske grønsaker direkte til lokale forbrukarar og hotell. Dei viser tydeleg kva ein kan få ut av eit lite småbruk på Vestlandet med litt fantasi, kreativitet og mykje hardt arbeid og pågangsmot. Kokkane kjem frå kjende hotell rundt i Sogn for å plukka ut råvarene til sesongmenyen sin. Forbrukarar får ferske grønsaker levert heim ukentleg.

Bøtun gard. Foto: Tun Byrå

Bøtun gard. Foto: Tun Byrå

Trøndelag Sankeri

På Melhus driv villbonde Jim-André Stene saman med dei 16 sankarane sine Noregs største kommersielle sankebedrift, Trøndelag Sankeri. Dette nyt restaurantar over heile Noreg godt av, ved å kunne inkludere natur i sine rettars smaksprofil på ein heilt spesiell måte. Det å etablere ei bedrift på sanka råvarer frå naturen imponerer og ber i seg ei heilt unik berekraft.

Trøndelag sankeri. Foto: Tun Byrå

Trøndelag sankeri. Foto: Tun Byrå

Årets lokalmatgründer 2024

  • Konkurransen er ein gründerpris innan lokalmat
  • Prisen blir gitt til den bedrifta som har vore best på innovasjon, nyskaping og lønnsemd
  • HANEN, MENY og Dyrsku’n står bak kåringa, som skjer for tiande gong
  • Publikum kan stemme på sin favoritt på www.hanen.no
  • I tillegg til heider og ære, består prisen av 50 000 kroner og høve til å vera gjesteutstillar på neste års Dyrsku’n
  • Vinnaren blir presentert under opningsseremonien på Dyrsku’n